Årets nynorskbrukar 2018John-Ragnar Aarset fekk prisen under opningshøgtida av Dei nynorske festspela 7. juni. Dag og Tid trykkjer her takketalen.
John-Ragnar Aarset.
Foto: HumbersetFoto
John-Ragnar Aarset fekk prisen ved opninga av Dei nynorske festspela torsdag 7. juni. Dag og Tid trykkjer her takketalen.
Kjære alle saman, og kjære dykk i Nynorsk kultursentrum som har funne på at eg skulle få denne prisen. Dette er mildt sagt overveldande. Eg ser ikkje på det å bruke nynorsk i dagleglivet mitt som nokon prestasjon. Men når eg får tenkt meg litt om, veit eg at eg prøver å gjere ein liten innsats. Litt i det små, kvar dag. Eg prøver å vere ein god brukar, ein ambassadør og ei inspirasjonskjelde for nynorsken. Men dei viktige vala mine for nynorsk tok eg for ein del år tilbake.
1991: Eg gjekk i andre klasse på Hallingdal Gymnas på Gol. Eg kjem frå Geilo, ein smeltedigel av hallingar, bergensarar og oslofolk. 100 prosent bokmål. Ein stad der me som vaks opp, la av oss dialekta, og me skreiv «Spynorsk Mordliste» på ordlista vår på ungdomsskulen. Eg inkludert. Men på Hallingdal Gymnas vart me rista i hop med ungdomen frå resten av dalen.
Me hadde eit sjølvbilete som ikkje var beskjedent. Det var me som var framtida for dalen, for hallingmålet og hallingkulturen. For mange var nynorsken ein naturleg del av dette. Eg kjente at eg høyrde heime her.
Difor gjekk eg til norsklæraren min ein dag og spurte om han kunne ordne med å få «omregistrert» meg til å ha nynorsk som hovudmål. «Du tullar ikkje med meg no, John-Ragnar»? Sveinung Nordstoga frå Vinje i Telemark lærte oss å bruke talemålet som ei støtte til å skrive god og riktig nynorsk. Og han var ein utilslørt entusiast.
I går ringde eg han og fortalde at eg skulle hit i dag. Eg sa at det var på tide at han fekk høyre sjølv alt det pene eg har sagt om han alle desse åra, og at han har bidratt til eit viktig val i livet mitt. Eg trur han syntest det var hyggeleg. Me burde sende nokre helsingar til gode lærarar me har hatt, alle saman. Han spurte om eg har angra nokon gong. Det var lett å seie «aldri».
I 1998 vart eg leiar i Unge Høgres Landsforbund. Då måtte eg òg ta eit val. Korleis skulle eg bruke nynorsken i eit miljø der nesten ingen andre gjorde det? Eg la meg på ei line som eg har følgd sidan: Alt som er mine personlege tekstar, er på nynorsk. Brev og dokument som går frå meg, som ingen andre skal rote på med. Alt av e-post og i sosiale media, sjølvsagt. Pressemeldingar, stort sett. Og så skriv eg på bokmål dersom andre skal jobbe i det same dokumentet og det er ein bokmålsbrukar som skal bruke teksten som sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.