JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Apropos Ved vebande

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2839
20230303
2839
20230303

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Dikt

Sytten år må ein visst vera når ein vaknar i Olav Nygards univers. Erlend Skjetne fortel (Dag og Tid nr. 6) om opplevingar der ein kan kjenna seg att.

Erlend Skjetne ynskte seg ei Nygard-bok av mor si til jul. Han venta seg ei fyldig bok, Dikt i utval, og fekk ei lita lefse, Ved vebande. Skal tru det var Gyldendals Minneutgåve frå 1934 med ei sprettande sol på omslaget Erlend Skjetne førte på ynskjelista si? Denne stod i alle fall i poesihylla hjå bokhandlar Ullestad på Voss i 1948, då ein annan syttenåring henta ho ut or reolen og tjuvlas.

I Fyriord tala kjende røyster, slike ein laut lita på. Ho Hulda formgav introduksjonen og siterte eit brev til Nygard frå sjølvaste Arne Garborg: «eit herlegt lite arbeid», eit «meisterverk». Var det verkeleg så store saker eg hadde i mi hand?

Ei ubunden, uspretta bok gav ikkje lett frå seg sine skattar, endå ein opna så godt det let seg gjera og glytte mellom sidene. «Eg ligg her seglbudd» stod attarst i den niande «boka» i boka og kunne lesast i heilo. Det kunne også «Timann skrid undan». Uråd å koma utanom; boka laut bli mi, jamvel om ho kosta 3.20. Prisen står med blyant på fyrste blad. Heimkomen på hybelen gjekk det fort opp for meg at eg hadde fått ein ven for livet.

Olav Nygard laut streva lenge før han lukkast med utgjeving, og då bøkene endeleg kom, var det med fattigsleg utstyr. Den lagnaden var han ikkje åleine om. Poesibøker fekk sjeldan marknadshjelp av «rosur og såvore». Bileta, om berre ei enkel teikning, måtte gjennom en kjemisk prosess. Det kravst klisjé, og forlaga reddast slike ekstrautgifter. Endeleg vart også Olav Nygard påkosta ein vignett. Den står på omslagssida til hundreårsjubilanten Ved vebande, utgjeven av Det norske samlaget.

Forlaga var slaurne med å namngje illustratørane både den gongen og seinare. Den nemnde Minneutgåva 1934 har på omslaget eit fargerikt og fengjande motiv, men ikkje er biletet signert på synleg vis, og ikkje er kunstnaren nemnd i kolofon eller annan stad. Det var fyrst med Conrad Clausens utgjeving av den ørvesle grøne Nygard-boka Mitt rike på Brage forlag me fekk vita det. Rette namn var Carsten Lien, ein fin og mykje nytta bokkunstnar i 30–40-åra.

Vignetten på Ved vebande, der ein kappekledd St. Georg støyrer spjutet i drakens gap, er merkt med eit lite «MB». Dei færraste vil vita at kunstnaren er Mons Breidvik (1881–1950). Sogningen som i unge år slo seg ned i Hardanger og sleit seg gjennom som teiknar, grafikar og målar, viste stor sans for bokkunst og formgjeving. Mons var ein heilhuga norskdomsmann, han fann seg til rette just i den flokken av vestmenn som slo ring om Olav Nygard. Dei sette minnestein, gav ut veneblad, skipa stemner og bar fram namnet så diktaren ikkje skulle gløymast i dei kritiske åra etter at ljåmannen hadde vore ute med sin dølne ljå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis