Antisemittisme er ikkje det same som antisionismeIsraelOddvar SkreI ein kronikk om «Jøden som nazist» i Dag og Tid 31. august skriv Kaj Skagen heilt til slutt at ein «sjølvsagt ikkje kan likestille kritikk av Israel med antisemittisme», men at kritikarane
PLO-leiar Yasser Arafat og statsminister i Israel Yitzhak Rabin tok kvarandre i handaframfor president Bill Clinton etter å ha signert Osloavtalen i Det kvite huset 13. september 1993.
Foto: Gary Hershorn / Reuters / NTB scanpix
I ein kronikk om «Jøden som nazist» i Dag og Tid 31. august skriv Kaj Skagen heilt til slutt at ein «sjølvsagt ikkje kan likestille kritikk av Israel med antisemittisme», men at kritikarane ofte ikkje er medvitne om at «kritikken deira har ei form som løyner antisemittiske grunnbilete». Denne presiseringa rettar opp noko av inntrykket ein får ved å lesa kronikken, der antisionisme – altså kritikk av Israel sin politikk og ideologi – langt på veg blir definert som «ny-antisemittisme».
Dei av oss som er kritiske til Israel og sionismen som ideologi, er svært medvitne om å ikkje blanda saman dette, men etter kvart som oppslutninga om dei i Israel som ønskjer ei fredeleg løysing på Palestina-konflikten er blitt mindre og mindre, og Israel meir og meir liknar ein apartheidstat, er det ikkje rart at antisemittiske haldningar grip meir og meir om seg.
Og det ser faktisk ut til at det er det Netanyahu og hans folk ønskjer. Dei vil ha krig og konflikt, slik at dei kan få støtte til den etniske reinsinga dei har som mål for heile Palestina. Den noverande statsministeren i Israel var faktisk med på å torpedera Oslo-avtalen og oppmoda til drapet på Yizhak Rabin i 1996. Det kan difor vera god grunn til å framstilla han som nazist, slik Dagbladet-teiknaren Finn Graff gjer. I dag er tostatsløysinga så godt som død, og palestinarane er trengde saman i noko som meir og meir liknar på dei sørafrikanske «bantustans», altså konsentrasjonsleirliknande reservat der den israelske hæren har full kontroll. Det største reservatet er som kjent Gaza-området med over 1,5 millionar menneske som lever på sveltegrensa og stadig blir utsette for israelsk terrorbombing og blokade.
Men tilbake til spørsmålet om kor grensa for antisemittisme går, og som Skagen er oppteken av. Etter mi meining går kritikken over til antisemittisme i det ein set likskapsteikn mellom staten Israel og jødane som folkegruppe. Heldigvis fins det enno jødar både i og utanfor Israel som skjønar faren ved dette. Men det som skjer på Vestbreidda og i Gaza, med massive brot på menneskerettane kvar dag, gir næring til antisemittiske haldningar. Dei som gir uttrykk for dei, slik som nokre av dei teiknarane som Kaj Skagen nemner, går så langt at dei til og med trekkjer parallellar mellom det som skjer i Palestina og folkemordet på jødar under krigen. Slike haldningar er sjølvsagt fullstendig uakseptable.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.