Ansvaret til Gamvik kommune for global oppvarming

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Riksrevisjonen la nyleg fram ei undersøking om grøne offentlege innkjøp. Resultata i rapporten er dystre, sjølv om han slår inn svingdører. Det mest overraskande er likevel mangel på overraskingar. Rapporten vitnar om avgrunnen mellom Stortingets vilje og moglegheita generalistkommunane har til gjennomføring.

Offentleg sektor, fordelt på 3000 einingar, kjøper varer og tenester for nesten 600 milliardar kroner i året. Det er liten tvil om at regjering og storting ønsker klimaeffekt av pengane, men det kan vera ein avgrunn frå Stortingets ambisjonar til Gamvik, Lyngen og moglegheitene for Herøy kommune. Dei enkelte innkjøparane er underlagde krav og avgrensingar som kan komma i konflikt med klima- og miljøambisjonar. Ikkje minst gjeld det økonomisk handlingsrom.

Riksrevisjonen beskriv funna som både overraskande og skuffande. Kontrollorganet uttrykker kritikk av at styresmaktene gjennom samla verkemiddelbruk ikkje har sikra at offentlege oppdragsgivarar bidrar nok til miljø- og klimavennlege løysingar. Vidare kritiserer Riksrevisjonen manglande datagrunnlag og stati­stikk om offentlege innkjøp generelt og grøne innkjøp spesielt.

Begge delar har vore påpeika av Abelia gjennom fleire år, men ikkje desto mindre viktig er det at Riksrevisjonen seier det same. Offentleg innkjøpspraksis bidrar ikkje i tilstrekkeleg grad til å minimera miljøbelastningane og fremma klimavennlege løysingar.

Riksrevisjonen foreslår at DFØ (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring) sikrar forankring av det grøne kompetanseløftet for Innkjøps-Noreg. Vidare at det blir utvikla datagrunnlag som gir tilstrekkeleg statistikk og styringsinformasjon for å synleggjera korleis grøne innkjøp blir brukt som strategisk verkemiddel for å nå klima- og miljømål. Til slutt blir det foreslått å etablera sentralt fastsette standardiserte minimumskrav for å sikra at offentlege oppdragsgivarar bruker marknadsmakta på ein einskapleg måte.

Men kva med Gamvik? Kva motivasjon har ein av Noregs fattigaste kommunar for å risikera auka budsjettunderskot ved å gjera klimavennlege innkjøp? Det openberre svaret er at alle må bidra for å nå klimamåla. Likevel kjem ein ikkje utanom at innkjøp av innovative og nye løysingar medfører økonomisk risiko, og det kan enda med misforhold mellom forventning og resultat. Risikoen må vurderast og handterast, men uansett kor god risikostyring innkjøpar har, så kan det gå gale.

På denne bakgrunnen kjem ein neppe utanom ei form for økonomisk risikoavlasting.

Mange offentlege innkjøparar har rett og slett ikkje økonomi til å ta betydeleg risiko. Riksrevisjonens undersøking viser at ved innkjøp av motorkøyretøy vart det stilt klima- og miljøkrav i berre halvparten av tilfella. Ganske sikkert skuldast dette noko anna enn at dei er uvitande om klima hos innkjøparen. Kanskje er ein liten bensinbil ei økonomisk betre løysing enn ein nullutsleppsbil for ei rekke kommunar og offentlege etatar. Leverandørar som tilbyr varer og tenester som bidrar til å nå klimamåla, melder stadig at det offentlege presser fram dårlege løysingar for å spara pengar.

Risikoavlasting kan ha ulike former. Alt frå økonomiske insentiv og støtteordningar til utvikling av nye løysingar i fellesskap mellom næringslivet og det offentlege. Det finst nokre ordningar der offentlege oppdragsgivarar kan søka om middel for å legga til rette for grøne og innovative innkjøp. Klimasatsordninga er eit lågterskeltilbod, medan ordningane til Enova og Innovasjon Noreg krev høgare grad av innovasjon i innkjøpa. I tillegg kan kommunale og fylkeskommunale verksemder søka om grøne lån i Kommunalbanken. Rapporten viser at dette ikkje er tilstrekkeleg for å nå forventingane.

Både Klepp, Hå og Sula kommune og dei 3000 andre offentlege innkjøparane må ha reell moglegheit til å investera i nye og uprøvde løysingar. Det er eit faktum at ikkje all innovasjon vil vera ein suksess. Thomas Edison sa om utviklinga av lyspæra: «I have not failed. I’ve just found 10.000 ways that won’t work.» Då står spørsmålet at om kven som skal betala for alle dei mørke lyspærene.