Ansvaret for dei praktiske og estetiske faga byrjar frå toppen

Publisert

27. januar skriv assisterande instituttleiar på Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet, Hege Gjerde Sviggum, eit innlegg der ho peikar på utfordringa i grunnskulen når det gjeld lærarar sin manglande kompetanse i kunst og handverk og musikk.

Det er i desse dagar publisert nye tal frå Statistisk sentralbyrå som gir oversikt over lærarkompetansane i grunnskulen. I 2021/2022 har 52 prosent av kunst- og handverkslærarane, 46 prosent av musikklærarane og 45 prosent av lærarane i mat og helse studiepoeng i faget. Til samanlikning har 81 prosent av norsklærarane, 74 prosent av matematikklærarane og 57 prosent av engelsklærarane tilstrekkeleg fagkompetanse. Desse tala gir oss eit bilete av kva for kompetanse som blir sett på som viktigast i grunnskulen. Ein av grunnane til at resultatet er slik, er det er stillast krav om 30 studiepoeng får å undervise i norsk, matematikk og engelsk på 1.-7. trinn, men i praktiske og estetiske fag er det ingen krav til studiepoeng.

Gjerde Sviggum har rett når ho i sitt innlegg skriv at skuleeigarar og -leiarar har eit stort ansvar for å prioritere fag som kunst og handverk og musikk når det lysast ut lærarstillingar. Eit tiltak på politisk nivå som vil ha stor effekt, er at det innførast kompetansekrav for å undervise i praktiske og estetiske fag på 1.-7. trinn.

Kompetanse er éin ting, rammevilkår er ein annan. For at lærarane i praktiske og estetiske fag skal ha ei lang yrkeskarriere i skulen, må forholda ligge til rette for det. Rammevilkår, forstått som talet på elevar per gruppe, spesialrom som treverkstad, kjøkken og musikkrom samt verktøy, utstyr og instrument er faktorar som er avgjerande for god undervisning i desse faga. Vi får tilbakemeldingar om at høgt kvalifiserte lærarar i kunst og handverk og musikk må senke det faglege nivået fordi rammevilkåra ikkje legg til rette for å gjennomføre undervisning i tråd med det som er forskriftsfesta i læreplanen. Det vil seie at lærarar må redusere arbeid med til dømes tre og tekstil – til klipp og lim i eit ordinært klasserom, eller til musikkundervisning utan eit einaste instrument. Slike arbeidsforhold fører i verste fall til at lærarane sluttar i jobben, eller ikkje ønsker å ta han i utgangspunktet. Med stram kommune- og skuleøkonomi ser det ut til at det ofte er desse faga som lid, og at det er faga som skulane målast på som alltid prioriterast fyrst.

Kompetansekrav, rammevilkår som er ivaretatt, og tilbod til etter- og vidareutdanning er faktorar som kan avhjelpe situasjonen for dei praktiske og estetiske faga. For at dette skal skje, trengs det pengar og vilje. Å få eit klart og høglydt signal frå regjering og storting om at desse faga skal prioriterast like høgt som andre fag, ville hatt stor betydning. Dette hjelper likevel lite dersom ansvaret flyttast rett til kommunane, utan at det er sørgt for at desse har økonomi til å iverksette ambisjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement