Anna tid, same land
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg har med stor interesse lese minna til snart 90 år gamle Olav Nisi i utgåva frå 31. mai. Han fortel om korleis han på 1970-talet kunne gå rett inn frå gata og finne seg ein plass på galleriet og høyre på debatten i Stortingssalen.
Han konkluderer innlegget sitt med at det var ei anna tid og eit anna land. Tida var ei anna, men landet er vel framleis det same. På Stortinget.no har dei fleire tilbod for publikum som vil kome på vitjing, anten som enkeltperson eller som del av ei gruppe. Det er kanskje ikkje like lett som før å få tilkomst til dei folkevalde, men med 22. juli friskt i minne ville det overraske meg om det framleis var drop-in-opplegg der.