Andletet til staden
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Vi viser til innlegget frå Norway’s best i førre utgåve av Dag og Tid. Innlegget var eit svar på kommentaren til Ronny Spaans 1. juli. Vi vil peike på at flott natur berre er den eine sida av saka. Den andre sida er kulturlandskapet og byggjeskikken.
Naturen har sin eigenart og identitet. Side om side med dette har kulturlandskapet og byggjeskikken si eigenart og identitet. Natur, landskap og byggjeskikk står side om side for det som trengst for å gje ein stad eit andlet. Dessverre er det slik at folk med ansvar og leiing for perler i Noreg, synest blinde for kva som blir halde opp av stadens andlet. I dette tilfellet handlar det ikkje berre om folk som sit på ei av perlene, men folk som faktisk sit i sjølve hjarta av Noregs fremste attraksjonar. Når medvitet om kva dei skjøttar, er i den grad ikkje-eksisterande, då går Noregs perler ei tung tid i møte.
I landa på det europeiske kontinentet og på dei britiske øyane er medvitet høgt om korleis dei mest naturfagre områda må skånast for hardhendt utbygging, med strenge reglar for nybygg i det britane kallar areas of oustanding natural beauty, nettopp fordi natur, kulturlandskap og byggjeskikk høyrer saman. Eit tilsvarande medvit finst i Frankrike, Tyskland, Austerrike, Italia, Sveits og så bortetter. Det er ein fortvilt situasjon når vaktarar på staden blir så blinde. Tidlegare hadde Miljøverndepartementet veto i slike saker, men det ser ut til at Erna Solbergs regjering har fjerna det. Det er på tide Miljøverndepartementet vaknar frå dvalen og stoggar byggjeprosjekt vi alle kjem til å angre på når dei er fullførte.