Alvorlegare kritikkJens TvedtAnders M. AndersenStavanger«Jens Tvedt og den frie kvinna» er alvorlegare kritikk av A.H. Winsnes og Idar Stegane enn Stegane gjer det til i Dag og Tid 18. mai. I 1937 hentar Winsnes omgrepet «Heimatdichtung» frå eit protonazis
«Jens Tvedt og den frie kvinna» er alvorlegare kritikk av A.H. Winsnes og Idar Stegane enn Stegane gjer det til i Dag og Tid 18. mai. I 1937 hentar Winsnes omgrepet «Heimatdichtung» frå eit protonazistisk programskrift for ein kunst som skal gjera tyskarane til herrar i verda, og knyter Jens Tvedt (1857–1935) og andre norske forfattarar til denne rørsla, forfattarar som aldri har uttrykt annan ideologi enn den stikk motsette.
I 1987 gjer Idar Stegane som Winsnes, knyter Jens Tvedt til det same nazistiske programskriftet. Somt kan tyda på at han ikkje veit kva slag skrift han viser til og siterer frå. Ikkje svært mykje betre i ei doktoravhandling. Eg skriv at dette får fatale fylgjer. Nazi-omgrepet «Heimatdichtung» / «heimstaddikting» kallar Stegane fagord; han meiner han nyttar det «nøytralt», og trur visst at eit nazistisk programskrift er litteraturteori. Fagord har «Heimatdichtung» / «heimstaddikting» aldri vore. Det er ideologisk skrivemåte og tenkemåte for idealisering av heim og heimland og «det rette folket», med ættedyrking og banal tradisjonalisme, stundom, men ikkje alltid med avvising og fordøming av «det framande». Slik litteratur finst i Noreg som i andre land; forfattarane er kjende og ukjende, nazistar og ikkje-nazistar. Med feilplassering og misbruk av ordet har litteraturhistorikarane gjort denne litteraturen usynleg.
Stegane har ikkje lese boka mi, og trur eg ikkje veit at han skriv om Tvedt og «den litterære institusjonen». Det veit eg og skriv eg om. Problemet for Stegane er at han ikkje kjenner Tvedt sin plass i denne institusjonen. Internasjonalt namn var Jens Tvedt etter nokre få bøker, gjord kjend for tysk- og franskspråklege lesarar. Stegane nemner det ikkje. Den norske litteraturkritikken, som i åra før og etter 1900 var på høgt nivå, visste å peika ut dei litterære kvalitetane og verdsetja det som skilde Tvedt ut. Stegane påstår at denne kritikken oversåg og nedvurderte Tvedt. Det kunne ikkje vore meir misvisande.
Mot den bakgrunnen er det ein rørande kampanje ein bokmeldar i Bergens Tidende driv år etter år for å få målvenlege og bondevenlege venstrefolk til å lesa Tvedt-bøker, av ein einaste grunn: sannferdig skildring av kvardagslivet på ein gard. Ein gong er ho kritisk og vil at Tvedt skal skriva ei bok om alt som går føre seg på ein gard og ikkje fara bygda rundt med «kjærlighetshistorier». Rørande naiv er òg forteljinga til Stegane om denne flittige kvinna som med lesekampanjen sin skal ha ført Jens Tvedt inn i den litterære institusjonen og fått forfattaren til å skriva slik han gjer. Stegane kan ikkje sjå at han på denne måten reduserer ein suveren artist.
Stegane skriv eg er storkjefta, og det er eg vel. Det lyt ein kritikar vera. Kviskra gjer den som baktalar. Eg skriv òg «uakademisk», ja då, men med utanlandske og norske kjelder for det eg påstår – og utan slike referansar som Stegane og Winsnes slår om seg med. Eg vil gjerne ha kritikk, og vonar nokon vil gå meg etter i saumane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.