Alt heng saman
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det kan ha vore
eg kom tilfeldig hit,
trudde eg
Billetten og reisa
var inga tilfeldigheit
Hovudet mitt
seier noko anna –
alt heng saman,
utan samanheng
er me ikkje noko
Reisa vart lengst
på bortebane
og kvar morgon
lengtar eg tilbake