Natur

Aktivisten Oddekalv fornektar seg ikkje

Publisert

Som den aktivisten han er, tek leiaren i Norges Miljøvernforbund, Ruben Oddekalv, hardt i når han i siste utgåve av Dag og Tid grunngjev kvifor turisthyttene på vestre delen av Hardangervidda bør leggjast ned av omsyn til villreinen. Han påstår at det mellom anna er snøskuterkøyring, ATV-ar, kiting og eit friluftsliv som i aukande grad spreier seg utanfor etablerte løyper, som er hovudproblemet for villreinen på denne delen av vidda. Haken ved dette er at det er rein fantasi – ATV-ar og kiting er heilt fråverande på vestvidda, og det er heller ingen som har observert og rapportert at det er mykje friluftsliv utanom løypenettet.

Oddekalv nemner dessutan klimaendring og nedising av beiteareal som eit problem for reinen. For det fyrste ligg vinterbeita på austvidda, og for det andre vert det ikkje eit betre vinterklima om turisthyttene i vest stenger dørene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement