Akademiske øvingar

Publisert Sist oppdatert

Først ros: Eg set stor pris på Arild Pedersens meldingar i Dag og Tid. Han evnar å spegle gode observasjonar, vera direkte og samstundes by på djupne, vidd og lakoniske formuleringar; slikt lærer ein ikkje berre gjennom skulegang.

Så ein replikk: I førre veka melde Pedersen på mest ei heil side ei kommentert nyutgjeving av Johan Vibes En Professor; slikt er stas. Men meldaren er skeptisk til premissen for utgjevinga, nemleg at det er ein universitetsroman, i tillegg til at han ikkje eig nok kjenneteikn til å kallast ein roman i det heile. Om ein tenkjer på alt som blir plassert i romansjangeren i dag, kjem denne boka derimot godt ut av det. Eg las Vibes bok av nyfikne for ei tid tilbake; det var som å lese eit av Holberg-stykka med støv på: Moralen skaper attkjenning og lått i etterkant, sjølv om innhaldet kjennest datert. Slikt treng ikkje svekke den litteraturhistoriske interessa – tvert om.

At Vibes bok ikkje er ein universitetsroman – på utanlandsk kalla «campus novel» eller «academic novel» – slik sjangeren fann si støyping med framvoksteren av dei raude mursteinsuniversiteta i England i etterkrigstida, er grei skuring. Til dømes gav Vigdis Hjorth og Arild Linneberg ut ein variant av denne i 1995, Ubehaget i kulturen; ho har mager litterær kvalitet, men er noko feitare på satire. Det er òg verdt å spørje seg om denne ville vore utgjeven under nedbøren frå dagens aukande puritanske klima. Om ei slik undring har noko føre seg, kan dikting utan både kanonstatus og vektig litterær kvalitet seie noko om samfunnsutviklinga, sjølv på stutt tid.

I verste fall har arbeidet med utgjevinga av Vibes bok berre interesse for ein mindre fagkrins. I betre fall kan fleire lesarar få auge på nokre konstantar på tvers av 140 år, sjølv om akkurat den trøysta er mager: Dugløyse blir lønt med avansement, ryggjeløyse er lønsam takt i politisk omgang og filologi har botnstatus i eit prematurt kunnskapssøkjande samfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement