Paul Krugman feller ein hard dom over USA-presidenten og hans utspel i saker som gjeld klima og utslepp. Sikkert med rette.
Men på eit viktig punkt er USA betre enn Noreg. Deira klimapolitikk er forankra i ein klimarekneskap som er meir ærleg og realistisk enn den norske.
Fyrst gjeld dette utsleppa frå dagens mobilitet, frå trafikk med bilar og fly. Biltrafikken i både USA og Noreg er enorm. For mange år sidan køyrde eit oljeselskap ein kampanje i USA der det heitte: «Take to the road for fun.» I bilspaltene i norske aviser og tidsskrift finn me no den same haldninga. Men i rekneskapen er her ein skilnad: USA er ein stor bilprodusent, og difor kjem utsleppa frå produksjon og frakt av nye bilar med i deira rekneskap. Medan Noreg står for rekordimport av nye bilar, og ein import av hundre tusen nye bilar gjev null utslepp i vår rekneskap.
Det same gjeld fly og flytrafikk. I USA byggjer dei sine eigne fly, og utsleppa frå denne produksjonen tel med i deira klimarekneskap. Men når me set oss inn i eit fly, veit me at flykroppen står for null utslepp: Me kjøper no fly for milliardar i Noreg, men utsleppa frå flyproduksjonen kjem i andre land.
Så til det norske folkelivet. Til Syden er det kvart år ei folkevandring – og utsleppa kjem då «der nede». Og berre ein del av sjølve flyturen dit vert rekna med i vår rekneskap. Om me reiser svært langt, som til Bali, vert svært lite av utsleppa rekna med. Også i USA reiser dei til varmen, men gjerne til Florida eller California. Alle utslepp kjem då innanlands, og vert rekna med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.