Absolutt ikkje berre ein hund

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Takk til den glimrande skribenten og teiknaren dykkar for eit kosteleg og underhaldande stykke om hundelivet i familien Clement.

Clement rører i noko som opptek fleire og fleire, dyrtid som me er i. Mange har hund og katt og må til dyrlegen iblant. Underteikna har arbeidd som dyrlege i klinisk praksis i over 20 år, med både gardsdyr og kjæledyr, og synest kanskje at for mange har hund og katt, slik etter pandemien. Det som stadig overraskar nye kjæledyreigarar, er at dei sjølve må betala for tenestene dei ønskjer, utgiftene vert visst ikkje dekte over statsbudsjettet. Men der tilbyr forsikringsselskapa ei løysing.

Kanskje kan det kritiserast at dyr vert menneskeleggjorde. Eg kysser mine eigne pelskledde «ungar» på hovudet og brukar mykje tid med dei no når ungane er vortne vaksne og ikkje gidd å sitja på fanget lenger. Faktum er at svært mange har éin nær ven i livet, eller familiemedlem – om ein toler å høyra slikt, og denne har brune auge og pels. Dyret betyr alt for dei i livet, hindrar einsemd, får dei opp om morgonen og ut på tur. Trøystar i tunge tider og er alltid på rett lag. Varmar og held dei med selskap gjennom kvelden og vinteren, nyt sola og livet i lag med eigaren sin. Gjev dei livskvalitet. Når dyret så vert sjukt, er det av betydning for eigaren meir enn for kjæledyret, at me kan få hunden eller katten frisk att. Ja, mange eigarar krev at Fido eller Mons vert berga.

Slik har dyrlegane måtta utvida tilbodet for eigarane og dyra deira. Dei mest avansert utrusta dyresjukehusa med dei tyngst etterutdanna spesialistane klarer nett det same som eg sjølv må til sjukehuset i Bergen for å få hjelp med. Så er det dyrlegen si oppgåve å føla seg fram om ho har med ein eigar å gjera som vil finna ut meir om klumpen på halsen på den tungpusta 12-åringen, eller om det er ein eigar som vil – eller må – få tilbod om avliving med ein gong.

Det er mykje kjensler knytt til kjæledyr – svært mykje kjensler. Som dyrlege må ein ofte vera advokat for dyret, og dyrevernlova er klinkande klar på at ein ikkje får lata dyret li. Kostnadene ein får ved eit dyrlegebesøk speglar seg ikkje att i løna til dyrlegen ein treffer, og det er ikkje berre Mars sitt businessmantra om overskot si skuld. Det er svindyrt å driva smådyrklinikk.

Dyrlegane ligg i toppen på sjølvmordsstatistikken. Me skal tola mykje i jobben, me har eit blytungt ansvar og tunge krav imot oss, låg løn og høg studiegjeld, og me jobbar seint og tidleg. Folk si klaging over at dei må betala for hjelpa dei krev, hjelper ingenting.