Abide With Me
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Retting
Saka «Soga til ein song» (Dag og Tid, 22. desember 2023) handlar om salmeteksten «Abide With Me» av den skotske diktarpresten Henry Francis Lyte, med ei ny omsetjing av teksten. Der heiter det at no kjem «for fyrste gong ei fullstendig norsk omsetjing av salmen».
Det siste er feil. Rett nok inneheld den mest nytta omsetjinga, Gustav Jensens «Aa bliv hos mig» (1915), berre fem av dei åtte strofene i originalteksten, men ti år etter kom ei fullstendig omsetjing av teologen og jærbuen Peter Hognestad, i boka Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte (1925), med alle dei åtte strofene.
Her høver det å gjera merksam på artikkelen «Peter Hognestad som omsetjar» som professor emeritus Terje Aarset har skrive i Kirke & Kultur nr. 4, 2017.
For få år sidan kom dessutan ei delvis omsetjing til dialekt, av ein annan jærbu, «Å vær sjå mæg», av artisten General Forsamling (Børre Bratland), med fire av dei åtte strofene, på albumet Frykten for å leva (2019).
Rettinga og tilleggsopplysingane kom i nettavisa vår tysdag 26. desember 2023.
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Aa, ver hjaa meg
Aa, ver hjaa meg, for no er kvelden nær,
og snart det myrknar, Herre, hjaa meg ver!
Naar all mi hjelp og trøyst hev flytt sin veg,
du hjelp for hjelpelause, ver hjaa meg!
Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag,
og jordlivs gleda med sitt tome jag!
Umskifte ser eg kring paa all min veg.
Aa du som ei vert umskift, ver hjaa meg!
Kom ikkje berre med eit helsingsord,
men som du var hjaa dine her paa jord:
Tolmodig, venleg, tru og hjarteleg,
kom ei som berre gjest, men ver hjaa meg.
Kom ei som redslekong med toreklang,
men mild og god med lækjedom i fang.
Med hjarta for kvar bøn og trøyst for treg,
du syndarven, med naade ver hjaa meg!
I daapen tidleg tok du meg i fang,
og um eg ofte vildra paa min gang,
du hev kje svike meg som eg sveik deg;
aa Herre, alt til endes ver hjaa meg!
Eg treng ditt nærvær kvar ei stund som kverv,
din nåde einast døyver freisting djerv.
Du er min førar og min trygge veg,
i skodda og i solskin ver hjaa meg!
Kvi ottast meir naar du meg signar mildt?
Graat er kje beisk, og sår gjer ikkje ilt.
Kvar er din brodd, du daude? spør eg deg.
Eg siger vinn, min Jesus er hjaa meg!
Syn meg din kross naar augo mine brest,
lys meg til himmels naar det myrknar mest;
sjaa, morgonroden skin alt paa min veg.
I liv og daude, Herre, ver hjaa meg!
Tekst: H. F. Lyte 1847 – Omsetjing: Peter Hognestad 1924 – Melodi: William Henry Monk 1861 – Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte (1925) nr. 667
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB