Aasen out, mixmål in?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Overklassen i landet snakka før om «gadesprog» eller «pøbelsprog», og så «maulet», klysene «spynorsk», og «f**k nynorsk» er nyare. Før gjaldt det å halde talen fri for dialekt, no er popkultur, reklame og fagspråk dominert av engelsk, venteleg mobbespråket med! Så langt bokmål. Kritikk av nynorsken på tekst-TV kan framstå som marginal når nynorskfolk på andre felt i NRK gjer sitt beste, særleg når ein ikkje veit om tekst-TV har ei framtid. Stoda treng likevel å bli dokumentert, NRK er enno statsinstitusjon, og tekst-TV kjem på skjermen i norske heimar i stille morgonstunder. NRK har ein språksjef, målbruken burde vere OK. Det er han då periodevis òg, men resten?
Sjå nøye på tekstprøvene: «aukar renta på innskudd», «so auka er betydeleg», «har difor bestemt seg at», «brannen byrja i ein bod», «har fulgt meir med på nyheiter», «rørslene heldt fram med å auke i hastigheit», «hastigheitene i bevegelsane har minka i løpet av natta, men så har det skutt litt fart igjen», «rulla ned ei skrent i lav fart», «i forbindelse med forbikøyring», «han låg i ei elv med knokken fot», «antakeleg iført raud turbukse», «pusta, men skal ha svelga mykje vatn», «skal ha opstått brann på skipet etter angrepet, som blei slukka», «det jobbast med å finne ut kven som står bak», «av sikkerheitsmessige hensyn», «uansett kor», «politiet sat derfor inn helikopter i søk», «melder om eit samanstøt», «har sett i gong eit søk», «anslår å vere ferdige», «er erklært daud», «drapet fann stad tysdag», «foreløpig har 800 personar blitt evakuert», «meldingar om skudd i området», «soldatar har vert utplassert i landet», «kan bli straffeforfulgt», «i Trondheim manglar drøyt 3000 personar fastlege», «utstyr til ein verdi av rundt 900 000 kroner stelt», «strammar inn abortlovgjevnaden», «nesten-forbod treier i kraft», «betydeleg vassleidningsbrot, minimalt med vatten inne, vatnet i gata er nedadgåande».
Kvasipoetisk sagt osar gryteretten meir enn han angar, også på grunn av lunsane med snål garpegenitiv: «statsministeren sitt kontor i Storbritannia», «Frankrike sin president Macron» og «USA sin president Biden».
Er all den hjelpeløysa ekte: «knokken fot», «erklært daud», «treier i kraft»?
NRK har iallfall opna slusene og innført anti-Aasen-normal med omsyn til anbehetelser: «anslått til å vere», «antakeleg iført raud turbukse», «antydingar om», «seld over prisantydinga», «kvinneandelen i norske rederier» (!), «ikkje bevege seg utandørs», «funnen i god behald» ved sida av «behold», «bekreftar», «beskjed om å førebu seg», «roa seg betrakteleg», «beskytta mot», «beskriv angriparane», «høgsterett har bestemt», «sjukeheimsbebuarar» og «besetningsmedlemmane».
Hyppige døme på -het er hastigheit, leilegheit, leilegheitrekke, mogelegheiter, myndigheitene, pendlarleilegheit, sikkerheitstenesta. Nynorsk avløysar for -else er vanlegvis -ing, det føder bastardformer og komikk: «beveginga Black Lives Matter» og «fullvaksinerte kan få lettingar». Ei offisiell fråsegn er derimot «ein uttale».
At politiet «melder», «fortel» eller «opplyser» ville vere god nynorsk, i staden ser ein heller «ifølgje», «ifylgje». Det som skjer ut på morgondagen ein gong eller ut i neste veke, skjer alltid «i løpet av», og det som har skjedd, hendt eller gått for seg, det «fann stad». Bokmålet er blitt tvangstrøye for nynorsken.
I bokmål vil alle merke at i dagleg tale blir tradisjonelle ord vraka, så engelsk får briljere. Der rår ei uskriven semje om at det er OK, men i nynorsk er det å hente inn bokmålsord å «modernisere» – blir noko språk i Europa fornya tilsvarande? Ord som avgjere, berge, fastsetje, freiste, prøve, renne, røyste, skildre, stadfeste, vedgå, vedta, verne og førebels, fråsegn, samband, styresmakter, tilhøve, utsegn forsvinn – nemn fleire! Alle ord i ubruk fell i gløymsle, i bruk fell dei naturlege.
Nynorsken på tekst-TV er blitt eit varabokmål. Skift heller mål når ei melding må oppdaterast, det sikrar både rettferd og opplæring. Eller aller helst to skilde meldingstenester, utan samnorsk grovkjøkken? Alle treng slingringsmon i talen, men her gjeld det ei tekstteneste som burde ha vore eit føredøme, men berre får målfolk til å skjemmest og tenke at det er ille lønt å vere mållagsmedlem.
Det er òg slåande at når brot på mållova skjer, vil makthavarane ikkje ha sanksjonar av noko slag, tradisjonell strukturell diskriminering blir skjerma. Kviler noka anna norsk lov på snillisme?
Konklusjonen etter at målbruken i tekst-TV er observert over tid er paradoksal: Vil du ha presis nynorsk? NRK leverer – litt. Eller berre parodisk? NRK leverer – garantert. Vil du sjå språkleg jamstilling? NRK bryr seg knapt, og gryteretten nemnd framfor blir ei bokmålssuppe ispedd nynorske nådesmular. Språkpraksis som diskriminerer, er berre til å trekke på skuldrene av! Nyss kom meldinga om at den noverande kringkastingssjefen går av før NRK flyttar frå Marienlyst (smak på det namnet, forresten). Det vart sagt i intervju i samband med meldinga at han ikkje har levert med omsyn til nynorsk, men det var eit klart uvesentleg ankepunkt.
NRK ser på seg sjølv som ein kulturinstitusjon, og ut frå ei utvida kulturtenking er det meste i samfunnet kultur, med stor K iblant. At dei som steller med tekst-TV i NRK, fer «barbarisk» åt i sin bruk av nynorsk, er tydelegvis ikkje noko kulturspørsmål i det heile?