Å vere språkirritabel
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I fjor haust gav Kristin Fridtun ut boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Der stiller ho mellom anna spørsmålet: Har det noko for seg? Ho svarer eit klart nei. Det er sjølvplaging til ingen nytte. Men skal ein berre gi blaffen i dårleg språk og skrivefeil? Det ser ut til at det som før vart kalla språkrøkt, opptek språkvitarane lite, og/eller dei kallar det språkmoralisme.
Eg må berre tilstå det: Eg er språkirritabel. Og mange tekstar, særleg nynorsktekstar på nettet, synest eg har irriterande dårleg språk.
Spesielt munnleg er påverknaden frå engelsk sterk. Kvifor skal me «tenke» når me eigentleg meiner? Og spesielt gale blir det når mange tek til å bruke «hjelpsomt» (frå helpful) i staden for nyttig.
Å bearbeide irritasjonen med å lage rim/dikt kan om ikkje anna vere brukbar sjølvterapi. Her er i alle fall nokre døme på språktips og betraktningar frå ein gammal norsklærar:
Språklærerim (frå ein nynorsknerd)
Av småord me bør bruke rett
er å og og, og då og når.
Ja, kvar gong når, og den gong då,
det kan me saktens stole på.
Når og og å er likt for øyre’,
kan me komme ut å køyre.
Ei sak som også nemnast må:
og så i to er på retrett,
feilaktig blir dei samansett.
Kvar er det dette føregår?
Jau, særleg i avis på nett.
Med altfor har ein fått i fleng:
er altfor mektig, altfor streng.
Men «alt for Noreg», som me seier,
i tre ord, er gode greier:
Då set me Noreg over alt,
er stolt av landet, kort fortalt.
Men «alt for» er blitt omgangssykje:
Spreier seg så altfor mykje,
overalt, til altfor mange,
tynne, trinne, små og lange.
Eit verb kan vere «typisk» svakt.
Då skriv me som seg hør og bør:
Me lever no og levde før.
Då er det svakt, så det er sagt,
Å skrive nynorsk er ‘kje lett.
Kor ofte har me ikkje sett
at «ordleif» dukkar opp så tett
at ein blir uvel, rett og slett.
At alt er «greit», er ikkje greitt,
om somme sei’ det er eitt feitt.
To t-ar skal det ver’ til slutt,
då vert det nynorskord med eitt,
eit nynorskord med futt.
Å velje form kan ver’ ein kval,
til dømes mellom «salg» og sal.
Sal utan g er rette val,
så forma «solgte» vert heilt gal.
Og det er berre j i selje
nynorskfolk kan velje.
Å halde er eit ugreitt ord,
for kva var det me gjor’ i fjor?
Dei fleste trur visst «holdt» og «haldt»,
men det er heldt som gjeld og gjaldt.
Me lever no og levde før.
Då er det svakt, så det er sagt,
og -e-r kan ’kje hoggast av,
det har ein sett som krav.
Skriv treffer – trefte; det vert klaff.
Nei, ikkje «treff» og ikkje «traff».
Ja, sterk og svak
er så si sak,
men j-verb: verken – eller.
Å telje, tel, det er eit slikt,
med fortidsforma talde.
Du kan ’kje skrive «teller»,
og ikkje «teljer» heller,
– sjølv ikkje i eit dikt –
men kortform, slik eg valde.
Me skil imellom sat og sette.
Så har du sett deg godt til rette?
Du sit der, sat, har lenge sete.
Dette vil dei fleste vete.
Du kan også skrive vite;
dette endrar saka lite.
Ikkje sei: Eg «sat» meg ned.
Ja, nokre faktisk skriv det med!
Språkleg smitte
Ein farang rammar land og folk,
for engelsken treng ikkje tolk.
Han spreier språkleg smitte,
sjølv her i norskens midte.
Og nesten som med omikron
han rir oss som ei mare.
No må me ta oss meir i vare
for «think», som får oss til å tenke:
Me tenker ditt, og tenker datt.
Og meine står forlaten att,
er bunden fast med tau og lenke.
Men kan det finnast botevon?
For tenke bør me late fare.
Ja, skaff deg no ein god vaksine
som kan verne deg og dine.
Alle er vel på det reine
med at me må berge meine!