JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Å vera seg sjølv nok?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Bø.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

3391
20231215
3391
20231215

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Universitetsstatus

Rektor Peer Jacob Svenkerud, eg har ikkje noko imot at Høgskulen i Innlandet vert universitet, slik du las mitt innlegg i Dag og Tid for to veker sidan. Mellom linene skreiv eg det motsette: gjerne fleire universitet. Men ikkje med utgangspunkt i dei premissane som i dag ligg til grunn for at ein høgskule skal kunne bli universitet.

Eg er sjølvsagt samd i at universitetsstatus vil gje større sjanse til å trekkje til seg folk med høg kompetanse, og til å styrkje internasjonale nettverk som kan vere eit gode for eit lokalmiljø eller ein region som Innlandet. Men samstundes ser eg ein universitets- og høgskulesektor som fjernar seg meir og meir frå det samfunnet han er ein del av, og verkar som han er seg sjølv nok.

«Høgskulane skal driva med forsking», skreiv redaktør Svein Gjerdåker på leiarplass for tre veker sidan, men la vettug til at «vel så viktig er at dei skaper gode undervisningsmiljø med mange nok sjølvtrygge førelesarar med fagleg ballast og praktisk innsikt».

Problemet er berre at det å skape «gode undervisningsmiljø» og å ha «praktisk innsikt» ikkje tel om du søkjer ei fast stilling ved eit universitet eller opprykk frå fyrsteamanuensis til professor, eller når ein høgskule søkjer om å verta universitet.

Ved sida å vere professor i statsvitskap har eg ei lita bistilling i den liberale tankesmia Civita, der eg er del av eit tverrfagleg miljø med eit par andre professorar og mykje flinke folk. Me er ikkje åleine. I dag finst det ei rekkje tankesmier langs det politiske spekteret, og i august i år vart det jamvel etablert ei smie som kallar seg Senter for langsiktig politikk.

Frå desse miljøa kjem ei rekkje notat og rapportar, og dei som arbeider der, tek aktivt del i samfunnsdebatten med aviskronikkar og innlegg i tradisjonelle og sosiale medium. Dessutan arrangerer dei ei rekkje frukostmøte og andre former for samlingar, og sørgjer for at me har ein open og fri samfunnsdebatt her til lands.

Kvifor driv ikkje universiteta med slikt? Og kvifor er ikkje dette eit av kriteria for at ein høgskule eventuelt skal kunne verta universitet?

«Vår store oppgåve som utdannings- og forskingsinstitusjon er å skaffe ny kunnskap og å forvalte denne på ein måte som samfunnet rundt oss (inkludert studentane) drar nytte av – lokalt, nasjonalt og globalt», skriv Peer Jacob Svenkerud og meiner at det vert lettare som universitet enn som høgskule, ikkje minst lokalt.

Eg trur ikkje det. For korkje slike arbeid som tankesmiene publiserer, eller dei rapportane som kjem frå dei mange framifrå forskingsinstitutta me har i Noreg, eller liknande arbeider, tel noko når du søkjer ei stilling på eit universitet, uansett kor vitskapleg etterretteleg, empirisk interessante og velskrivne dei måtte vere.

Det gjer berre publikasjonar i såkalla vitskaplege tidsskrift eller på såkalla akademiske forlag. Men kor mykje «ny kunnskap» som kan forvaltast på ein måte som «samfunnet rundt oss» kan dra nytte av frå desse kjeldene, veit eg sanneleg ikkje.

Det er difor eg er skeptisk til ei utvikling mot fleire universitet med utgangspunkt i dei premissane som gjeld i dag. Dei støttar berre opp under ein kultur der universiteta og dei som arbeider der, vert oppmoda til å vere seg sjølv nok.

Jan Erik Grindheim er professor i statsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg og knytt til tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis