Å velja mellom ord og språk i Norden
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I dei siste nummera av Dag og Tid har det dukka opp eit ordskifte om det i Store norske leksikon skal vera tillate å nytta det norske ordet ’døme’ i nynorskspråkleg leksikontekst der. Eitt av grunnlaga, men som ikkje har vore nemnt til no, ser ut til å vera den mange hundre års språklege fellesskapen vi har hatt med Danmark.
Kunnskap om korleis danskane ser på denne fellesskapen er i dag mykje meir tilgjengeleg på internett enn tidlegare, mellom anna i dansk Wikipedia (Den frie Encyklopædi). Om korleis det var på Henrik Ibsen si tid, heiter det om språket hans at «Ibsen skrev på det sprog, Danmark og Norge havde til fælles, der blev kaldet dansk i Danmark og norsk i Norge. Alle hans skuespil udkom originalt på det danske forlag Gyldendal».
Vi les vidare i dansk Wikipedia om Riksmål og bokmål: «Videreførelsen af det danske skriftsprog var i hovedsagen identisk med skriftsproget i Danmark indtil 1907, med undtagelse af nogen få enkeltord. Både dansk og norsk gennemgik i 1800- og 1900-tallet en gradvis reform af skriftsproget. Gennem reformerne i 1907 og 1917 gik det sprog, som dengang var kendt som riksmål og som i 1929 fik det officielle navn bokmål, fra at være nærmest identisk med dansk til at få et mere fornorsket udtryk.»
«Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser skrivemåte og bøying i tråd med norsk rettskriving. Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak ordbøkene.» Det er slik ordbøkene presenterer seg på nettet i dag, og begge bøkene inneheld orda ’døme’ og ’eksempel’, medan internettsvaret frå sør er: «Der er ingen resultater med ’døme’ i Den Danske Ordbog». Men under oppslagsordet ’eksempel’ har ordboka enormt med tekst. Det får nøya seg med det som står om opphavet: «Oprindelse fra latin exemplum ’prøve, mønster, forbillede’, afledt af eximere ’udtage’»
Det kan nok heretter vera lov å skriva artiklar på «nynorsk» til Store norske leksikon. Men vi ser at for å få dei inn må ein vera nøyen med ordbruken og der retta seg etter den store ordboka sør om Skagerrak. Det hjelper ikkje at ordet står i begge dei «norske» ordbøkene frå Språkrådet. Står det ikkje samstundes i Den Danske Ordbog, er ordet tabu for redaksjonen i Store norske leksikon. Vi ser at i praktisk arbeid har denne til program å overstyra Språkrådet om kva som er brukande ord i norsk språk.