Å telje noko som kan komeANALYSE LEO A. OSLODag og Tid skal i tida framover sjå nærare på truverdet i oppdragsforskinga og miljøa som leverer utgreiingar og analyserapportar. Det er ein god idé, for på dette området blir det synda for ofte med kvaliteten.

Grensehandelen er stadig like populær blant nordmenn.
Grensehandelen er stadig like populær blant nordmenn.
Publisert

Dag og Tid skal i tida framover sjå nærare på truverdet i oppdragsforskinga og miljøa som leverer utgreiingar og analyserapportar. Det er ein god idé, for på dette området blir det synda for ofte med kvaliteten. Vi treng ein langt meir aktiv og kritisk journalistikk på dette området. Det gjeld også blikket på forskinga generelt, for grensene mellom forsking, oppdragsforsking og utgreiingar er flytande. At Jon Hustad tek jobben er bra, men litt stressande for oss som kjem under lupa, for han er grundig og har ein krass penn.

Først ut er vår (Menons) rapport om effekten av grensehandel. Dette er ein rapport som er lett å lese, og den inneheld store tal. La meg vere tydeleg og ærleg med det same: Analysen er god, men formidlinga kunne med fordel vore betre. Såkalla ringverknadsanalysar tek ikkje høgde for alle økonomiske konsekvensar av eit tiltak eller ein politikk. Dei ser berre på korleis aktivitet spreier seg i økonomien. Å skrive at alle dei 11.750 arbeidsplassane er tapte for Noreg blir dermed upresist. Mange av desse hadde fått jobb andre stader. Alle blir med andre ord ikkje arbeidsledige. I rapporten har vi teke eit slikt atterhald både i føreordet og i vedlegget, men vi skulle ha sagt dette mange fleire stader. Det er viktig. Når dette er sagt vil eg presisere at handelsnæringa gjerne sysselset unge og uerfarne arbeidstakarar. Noreg slit tungt med å finne nok slike arbeidsplassar i dag.

Så til Hustads lange reise tilbake til Ricardo og hans vinstar gjennom handel. Dette er ei heilt unødvendig reise. Grensehandelen er nettopp uttrykk for velferdstap som høge norske tollmurar skaper. Bortfall av arbeidsplassar kjem som følgje av norske handelshinder, fordi særleg austlendingar nettopp vel svenskehandel i staden for å handle på Rema 1000 heime. Denne rapporten taler ikkje mot import, den taler for at salet av import- og norske varer skal finne stad i Noreg. No kan det tenkjast at vi har overdrive sysselsetjingseffekten av å flytte dette salet heim, men dersom butikkane her heime klarer å selje meir per tilsett fordi svenskehandelen blir skipa heim, så er det også en vinst for Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement