Å rette statthaldar for smed: Om TorgslagetNASJONALDAGENLEIF MALIKSTRONDHEIMAndreas Skartveit skriv om «17. mai» i Dag og Tid (19. mai 2017), og her spelar
Statthaldar Baltzar von Platen berga æra og legitimiteten til det norske militære og sivile embetsverket ved å ansvar for Torgslaget i 1827.
Andreas Skartveit skriv om «17. mai» i Dag og Tid (19. mai 2017), og her spelar Baltzar von Platen ei viktig rolle. Teksten er imidlertid ikkje heilt å lita på. Von Platen (1766–1829) var svensk statthaldar i Noreg under det såkalla Torgslaget i Christiania 17. mai 1827, og Skartveit skriv at han då «bruker militæret mot folket». Deretter skal forholdet til nordmennene ha vorte øydelagt, og von Platen «måtte reise heim, der han kunne sjå at Gøta kanal [som han tidlegare hadde leia bygginga av], hans storverk, vart utkonkurrert av den nye jernbanen.» Han skal så ha døydd «som ein ulukkelig mann», skriv Skartveit, men om det skuldast Torgslaget, eller at kanalen blei utkonkurrert, framgår ikkje heilt.
Alle som veit noko om jernbanehistorie, skjønar at noko skurrar her. Göta kanal, som det vel bør skrivast, var ferdigbygd i 1832, medan dei fyrste svenske jernbanelinene blei innvigde i 1856, og blei alvorlege konkurrentar endå seinare. Von Platen, som døydde i 1829, kan difor neppe ha opplevd kanalen si nedgangstid. Han opplevde jo faktisk ikkje eingong storheitstida, då han døydde eitt par år før slusene opna. Ein feil slår gjerne også fylgje med ein annan; von Platen døydde faktisk i Christiania (6. desember 1829), og kan neppe ha reist heim på anna vis enn i si eiga kiste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.