706 politiske fangar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
På framsida av Dag og Tid nr. 38 hadde vi bilete av folk som sit fengsla i Kviterussland, i samband med teksten Andrej Dynko skreiv om livet i Okrestina-fengselet i Minsk, «Ein kort tur til helvete». I biletteksten stod det at desse var journalistar, men bileta var også av andre politiske fangar.
Totalt sit no 706 menneske fengsla for å ha protestert eller ytra seg etter valet i fjor. Blant dei fengsla er fleire menneskerettsforkjemparar – og 27 journalistar.