Operettens far
Jacques Offenbachs ouverturar har abrupte overgangar og parti som blir hengande i lufta, noko det er god grunn til.

Han blir gjerne kalla operettens far, den tysk-franske komponisten Jacques Offenbach, som har 200-årsjubileum i år. På Brandenburgisches Staatsorchester Frankfurts nye album får me ouverturane (instrumentalforspela) til tolv av operettane hans. Der er nok å velja mellom, for Offenbach skreiv kring hundre av desse stutte, komiske operaane.
Det fyrste eg beit meg merke i då eg kikka på baksida av CD-en, var spor seks, som heiter Ba-Ta-Clan. Dette namnet hadde eg då høyrt gjete før? Jau, det var denne Offenbach-operetten som gav namn til konsertetablissementet Bataclan i Paris, det som blei råka av IS-terror i 2015.
Tullekinesisk
Bataclan i Paris er bygd i orientaliserande stil, nærare bestemt den me kallar chinoiserie, som på meir eller mindre fantastisk vis etterliknar det kinesiske. Huset stod ferdig i 1865, ti år etter at det vesle Théâtre des Bouffes-Parisiens lanserte Offenbachs gjennombrotsstykke Ba-Ta-Clan, som komponisten og librettisten Ludovic Halévy omtala som ein chinoiserie musicale. I denne einaktaren blir me tekne med til det fiktive kinesiske riket Veslekina, der keisaren er nervøs. Keisaren er nemleg i røynda ikkje kinesar, men ein innvandra parisar, og for å løyna at han ikkje eingong rår over embetsspråket kinesisk, finn han opp eit tullespråk som høyrest ut som kinesisk.
Eg har diverre korkje sett eller høyrt denne operetten, der handlinga verkar temmeleg absurd. Og eg skulle svært gjerne visst korleis komponisten i høgdepunktet mot slutten av stykket greier å fletta inn Luther-salmen «Vår Gud han er så fast ei borg». Uansett: Ba-Ta-Clan-forspelet, som med buldrande stortrommer og kvinande triangel- og pikkolofløyter i grunnen læt meir tyrkisk enn kinesisk, er berre éin av dei tolv ouverturane på albumet. Korleis skal me karakterisera Offenbachs ouverturestil generelt?
Potpurriouverturar
Det typiske ved ouverturane er måten Offenbach her føregrip musikalske tema og melodiar som kjem seinare i operetten; «potpurriouverturar», kallar me slike. Teknikken gjer at mange av spora på plata kling litt kortpusta, med plutselege overgangar mellom delane og parti som blir hengjande i lufta. Me kan ikkje lasta komponisten for dette, for forspela er verkeleg forspel og ikkje sjølvstendige konsertstykke. Musikken er festleg og minner somme gonger om filmmusikk – til dømes kunne strykarpartiet midt i Ba-Ta-Clan-ouverturen vore frå ein westernfilm.
Lyriske parti finst sjølvsagt òg, noko som syner Offenbachs melodiske nerve. Eg tenkjer her særleg på partiet med fløytesolo i ouverturen til Madame Favart, som på rokokkoaktig maner minner oss om handlinga i dramaet frå 1700-talets Paris.
Og Brandenburgisches Staatsorchester Frankfurts framføring? Den britiske dirigenten Howard Griffiths får det verkeleg til å svinga. Offenbach likar store dynamiske kontrastar, med svulmande crescendi frå pianissimo (svakt) til fortissimo (sterkt) på kort tid. Både desse og dei mange abrupte tempoovergangane sit godt.