Omtrentleg i vår tid
Me lever i eit moderne samfunn der utviklinga stadig går framover. Teknologien løyser dei fleste problem. Pasientar kan fjernopererast, bilar køyra av seg sjølv og pengar kan sendast att og fram med mobiltelefonen.
Me har vorte teknologioptimistar. Det er ikkje ofte ein høyrer at folk seier at dei ikkje trur ein eller annan vill idé er umogeleg eller usannsynleg.
Meir og meir av det me driv med, er styrt av nyvinningar og teknologi. Bussbillettar, mathandling og sosial kontakt med vener og slekt vert drive digitalt. Det vert stilt stadig større krav til at alt skal vera nøyaktig og med to desimalar. Likevel heng me langt etter på nokre område.
Me menneske.
Me omgir oss med avansert utstyr, men er framleis svært omtrentlege i korleis me brukar måleiningar.
Datamaskina som sit i telefonane våre, er meir avansert enn maskina i Apollo 11, men likevel brukar eg håplaust gamle ord og vendingar på det eg skal måla.
Kan eg få eit stykke fisk? Er det verkeleg akseptabelt i vår moderne verd å snakka om eit stykke eller endå verre: litt. Kan eg få litt snop av deg?
Burde me ikkje vera noko meir presise i 2016?
For ikkje å snakka om ein gjeng.
Me var ein heil gjeng som drog til Sandnessjøen
Kor mange var det? Er ein gjeng meir eller mindre enn ein heil haug?
Ein heil haug stod i kø for å sikra seg billettar til operaen i Nordfjord?
Me burde vel kunne måla dette noko nøyare med all teknologien me har?
Har du vore ut og fiska og til dømes høyrt at nokon fekk mykje fisk?
Eller at det er ein heil del elg i skogen no for tida.
Berre ein liten bit napoleonskake til meg, takk.
Viss eg skal kunne servera deg slik at du vert nøgd, må eg altså vita kor stor ein bit er – og kor stor del av han som er liten. Er det halvparten av ein bit, litt mindre av ein bit eller kanskje berre ein kvart bit?
Me treng nye og meir oppdaterte måleiningar.
Det hjelper ikkje om flotte maskiner kan rekna ut med hundredels presisjon storleiken på ting, viss du og eg snakkar om litt, bit og stykke.
Maskinene vil gå i stå. Dei vil ikkje fungera.
Utviklinga vil gå i stå.
Me kjem til å gå rundt i vadmål med sekkar og sleiver og snakka om slumpar, slurkar, bunkar og delar.
I skulen lærer me desiliter, millimeter, m/s, pi, newton, joule og ampere, men så snart me vert vaksne, er det augneblink, om ei stund, ganske fort og blytung.
Me lyt skjerpa oss og klara å uttrykka oss meir i tråd med tida me lever i. Me må setta oss mange mål – og mykje må skje ganske snart – elles vil me få mange problem.