Musikk

Nye og sterkare affektar

CD

Vivaldi, Veracini, Tartini, Pisendel:

Grandissima Gravita

Rachel Podger, fiolin; Brecon Baroque. Channel Classics 2017

På det nye albumet Grandissima Gravita spelar den engelske barokkfiolinisten Rachel Podger verk av den tredje og siste generasjonen barokkomponistar av den italienske skulen, dei som heldt fast på gamle sonateformer, men fylte desse med nye og sterkare affektar. Det fyrste som slår ein, er kor klår og delikat lydkvaliteten på opptaket er. Ein slik klåre er sjølvsagt avslørande andsynes teknisk rusk. Men Podger og ensemblet hennar, Brecon Baroque, har ingen ting å skjula: Kvar minste gjennomgangsnote i Podgers snøgge skalaar er klokkerein, og passasjane der heile ensemblet sakkar av eller aukar tempoet, er like organiske som dei er presise.