¿ Norsk matskatt nr. 36: kvæfjordkake

Lytt til artikkelen:
Kva ville vel ei nasjonal matskattspalte ha vore utan heile Noregs favorittkake? Kvæfjordkaka vart i 2002 kåra til nasjonalkaka vår. Denne utruleg smakfulle delikatessa, med marengs, vaniljekrem og mandlar, heiter sjølvsagt «verdas beste» på folkemunne.
Ei kake som har vore der til alle tider, tenker nok den matinteresserte lesaren? Men nei, verdas beste kake er ikkje hundre år eingong. Iallfall ikkje som kvæfjordkake.
Me skal attende til 30-talet og festivalbyen Harstad, på den største øya i Noreg, Hinnøya. To systrer dreiv den svært populære Cafe Alliance, som ein må rekna med var eit eksklusivt og internasjonalt namn på dei kantar på den tida. Utgangspunktet var ei europeisk kongekake som vart nytta i samband med feiring av 13. dag jol – i Frankrike godt kjend som gateaud es rois, kongane si kake.
Hulda Ottestad, som var ei av systrene på Alliance, og truleg ei skikkeleg dame, stal ikkje ei oppskrift: Ho kjøpte to oppskrifter på kongekaka av ein dansk konditor for 200 kroner, som dei modifiserte med litt mindre mandlar, sidan mandlar var svært dyrt i Noreg på den tida. Resten er forteljinga om ei kake som er så god, at ho vart ein suksess på kakebord over heile landet. Det er knapt eit bryllaup eller ein konfirmasjon, i alle høve nord for Dovre, der det ikkje står ei kvæfjordkake sentralt i festivitasen.
Kvæfjordkaka er ei av få som har eit oppegåande venelag, som har eit svært ambisiøst føremål som Innsida meiner strekker seg godt utover det å eta denne gode kake. I føremålet står det nemleg: «Kvæfjordkakas Venner skal arbeide spesielt for kulturbasert næringsutvikling med utgangspunkt i natur og kulturlandskap, jordbruk, havbruk og matkultur, historie og bærekraftig byggeskikk. Målet er å bidra naturlige fortrinn.»
Kaka skal rett og slett bygga landet, slik dei ser det.
Kvæfjordkaka har ambassadørar i USA og Thailand, og Kvæfjordkakas Venner sel ei spesiallaga mønstra tine i tre som passar perfekt til å frakta kaka rundt i, til 1600 kroner, for den som er interessert.
Oppskrifta er ikkje veldig eksotisk. Kakebotnen vert laga av smør, sukker, eggeplomme, mjølk, kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Marengs er eggekvite og sukker. Fyllet er vaniljekrem.
Før i tida serverte dei Kvæfjordkake på ferja Refsnes–Flesnes i Kvæfjord, men dei slutta med det. «Folk ville berre ha sveler, sveler og sveler», sukka Hege Arnesen frå ferjekafeen til NRK Troms for ti år sidan.
Men kaka lever, sjølv om Cafe Alliance for lengst er borte.