Film

Nært svært bra

Om ikkje høgspenning heile vegen, så får eg skikkeleg bra utslag på pulsklokka når det verkeleg står på.

Torbjørn Harr spelar brannmann i katastrofefilmen til regissør Pål Øie.
Torbjørn Harr spelar brannmann i katastrofefilmen til regissør Pål Øie.

Drama / action

Regi: Pål Øie

Tunnelen

Med: Torbjørn Harr, Ylva Lyng Fuglerud, Mikkel Bratt Silset

Den store skrekken til alle vestlendingar: å verta innestengd i ein røykfylt tunnel.

Det er duka for norsk storfilm når regissør Pål Øie overfører Kjersti Helen Rasmussens manus til levande bilete med fenomenal hjelp av fotograf og klippar Sjur Aarthun. Ingen triks er utelatne, her skal det trykkast på knappar frå start til slutt. Det lukkast dei også med i stor grad. Me vert godt introduserte for dei mange truverdige (og dialektfrodige) karakterane som skal bera handlinga, noko som kanskje mot si hensikt bidreg til at utfallet vert noko opplagt.

For kan Elise (Fuglerud) tola meir motgang enn å ha mista mor si tre år tidlegare? Kan pappa Stein (Harr) og nykjærasten tola å mista kvarandre akkurat når det ser ut til at det løyser seg? Men som med dei amerikanske motstykka i kategorien katastrofefilm – me skal underhaldast, ikkje haldast under.

Det er mykje melodrama med på kjøpet her: far–son, far–dotter, mor–døtrer, far–mor, nesten litt i overkant mykje. Det hadde gjort seg med eit par færre på rollelista for å stramma det heile opp ein knepp. Det betyr ikkje at dette ikkje er ein drivande spennande film, og etter mitt syn samanliknbar med Bølgen (2015) som deler litt av elementa med storslått landskap og kamp mot tida.

Så når eg er kritisk her, fyller Tunnelen likevel mange kriterium som skal til for å verta ein kinosuksess og ein film som kan verta hugsa.