Walhalla Hotel forever
Arve Henriksen styrer unna nostalgien.
Henriksen har gjeve Walhalla Hotel undertittelen Fables in Haze of History. På garden Tonning ved Strynøyra har det vore ein gamal handelsstad, og i 1765 vart huset bygd som seint på 1800-talet fekk namnet Walhalla. Huset vart freda etter andre verdskrigen og vert drive som pensjonat den dag i dag.
Besteforeldra til Arve Henriksen budde i nabohuset. Han var ofte på vitjing og fekk oppleva eit eksotisk miljø og ei mengd framande tungemål. Dette fascinerte ein liten gut, og no er desse barndomsminna blitt plate.
Ingen nostalgi
Undertittelen fortel presist kva prosjektet til Henriksen går ut på. Han prøver ikkje å skapa forteljingar i tradisjonell forstand. Her er ikkje snurten av nostalgiske pastisjar.
«Olinas Waltz» (ei hylling til Olina Ytreeide, som dreiv pensjonatet til ho var over 90 år) får naudsynt patina gjennom det modifiserte pianoet og opptaket av Stryn musikklag. Heller ikkje fragment av Alfred Maurstads «Dugnadsvalsen» eller eit gamalt opptak av Gaetano Bragas «Angel’s Serenade» er med på å skapa ein tilbakeskodande idyll.
Moderne tonespråk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.