Vitale verk

Sola var eit sentralt symbol både for Strauss og for Nielsen.

Edvard Munchs (1868–1944) måleri «Solen» frå 1911 i Universitetets aula i Oslo.
Edvard Munchs (1868–1944) måleri «Solen» frå 1911 i Universitetets aula i Oslo.

CD

Richard Strauss:STANDARDSINNSPELINGACarl Nielsen:

Also sprach Zarathustra; Ein Helden­leben

Oslo Filharmoniske Orkester; dir.: Vasilij Petrenko. Lawo 2019

CD

Edvard Munchs måleri «Solen» i Universitetets aula i Oslo er for meg sjølve emblemet for dei åndelege straumdraga kring førre hundreårsskifte som blir kalla «vitalismen». Omgrepet er diffust og kan vanskeleg jamstillast med andre ismar, til dømes ekspresjonismen. Vitalismen vantar nemleg programerklæring eller sentrale talsmenn. Men som impuls merkar me han både i kunsten, musikken og åndslivet generelt, som reaksjon mot dekadansen og fin de siècle-stemninga på slutten av 1800-talet.

Den sistnemnde dyrka melankolien og dødslengten til det moderne storbymennesket. Vitalistane, derimot, strutta av tru på at alt liv har ei eiga livskraft ved seg, ein antiintellektuell, sunn og vonfull naturkultus der sola var det sentrale symbolet. I biletkunsten blei dette gjerne framstilt gjennom muskuløse badande og helst nakne menn – Munch har fleire slike målarstykke, som i dag kan ha ein bismak av homoerotikk og naziestetikk.

Helios over Hellas

Kva så med vitalismen i musikken? Eit nøkkelverk i den nordiske tradisjonen er danske Carl Nielsens (1865–1931) konsertouverture Helios, op. 17, som blei til under eit sommaropphald i Hellas i 1903. Helios er gresk for «sol»; me opplever sola som går over Egearhavets himmelkvelv gjennom eit program Nielsen samanfattar i fylgjande motto: «Stilhed og mørke – så stiger sol under frydefuld lovsang – vandrer sin gyldne vej – sænker sig stille i hav.» Innleiinga «Andante tranquillo» er verknadsfull. Ho tek til med lange tonar i dei djupe strykarane. Over den tonar hornsignal som kunngjer at ein ny dag blir fødd, før fiolinane blenkjer til med dei fyrste solstrålane.

Den finaste tolkinga eg kjenner, er den med finske Esa-Pekka Salonen og Sveriges Radios symfoniorkester frå 1986. På CD-en får me òg eit anna Nielsen-stykke som handlar om kampen mellom lys og mørker, nemleg den fjerde symfonien hans, som ber mottoet «Det uudslukkelige».

Profeten

Men det fremste emblemet for vitalismen i musikken er det stykket Oslo Filharmoniske Orkester under leiing av russiske Vasilij Petrenko no kjem med ei strålande innspeling av: Richard Strauss’ (1864–1949) symfoniske dikt Also sprach Zarathustra, op. 30, som blei urframført i 1896. Teknisk klarer Oslofilharmonien å realisera Strauss’ instrumentasjonskunst til fullnad, med herlege, velbalanserte klangkonstellasjonar mellom dei ulike orkesterinstrumenta.

Strauss hadde på byrjinga av 1890-talet fordjupa seg i skriftene til Friedrich Nietzsche, som var ein hovudinspirator for vitalistane. Munch måla sjølv to monumentale portrett av den tyske filosofen. Eitt av dei heng i dag i Munchmuseet og syner han på ein bakgrunn av eldraud sol.

Overmennesket

Nietzsches idé om «overmennesket» fascinerte Strauss. Me lyt sjå dette løyst frå nazismens misbruk: Det handlar om individet som maktar å tenkja transcendent, som frigjer seg frå flokken for sjølv å leggja fast vilkåra for eksistensen sin. Strauss gav stykket, der han grundar over skiljet mellom menneske og natur, undertittelen «Fritt etter Nietzsche». Men sjølv om Nietzsches poetiske visjon om Zarathustra ligg til grunn – denne persiske profeten som stig ned frå fjellheimen for å dela den nyvunne innsikta si med verda – poengterte Strauss at me lyttarar ikkje kjenna forteljinga. «Dei som verkeleg veit korleis ein lyttar til musikk, treng ikkje det», meinte han, for musikken handlar om «dei eigne kjenslene» til komponisten.

Introduksjonen ber tittelen «Einleitung, oder Sonnenaufgang» («Innleiing, eller soloppgang»), og det er vanskeleg å ikkje sjå føre seg at Nielsen lét seg inspirera av denne i Helios-ouverturen sin. Strauss’ forspel er blitt ikonisk gjennom Stanley Kubricks 2001: En romodyssé frå 1968, ein film som syner kor godt det vitalistiske uttrykket høver som filmmusikk: Den veldige orkester-crescendoen i byrjinga markerer for Kubrick òg byrjinga på menneskeætta, med menneskeapar på savannane i Afrika.