Musikk

Virtuos pianotrio

Espen Berg Trio er ein leiken trio med klart avstemde roller.

Frå Hamar, Tórshavn og Stjørdal: Espen Berg, Bárdur Reinert Poulsen og Simon Olderskog Albertsen.
Frå Hamar, Tórshavn og Stjørdal: Espen Berg, Bárdur Reinert Poulsen og Simon Olderskog Albertsen.
Publisert

Espen Berg Trio gav i 2015 ut Mønster på det japanske platemerket Blue Gleam. To år etter kom oppfølgjaren Bølge. No er sistnemnde ute på Odin, og godt er det. Båe platene er verde å lytta til, men trioen har teke nye steg med årets utgjeving.

Pianotriokonseptet har alltid hatt ein spesiell plass i jazzsoga, men har hatt eit oppsving i både norsk og internasjonal jazz dei siste 20 åra. Esbjørn Svensson Trio, Bad Plus, Tord Gustavsen, Helge Lien og In The Country har alle medverka til dette, men det kunstnarleg tyngste bidraget har standardtrioen til Keith Jarrett kome med.

Melodiske basslinjer

Espen Berg Trio har med Bølge teke plass i det gode selskapet. Stings «Hounds of Winter» blir etterfølgt av ni låtar signerte Berg. Både låtmaterialet og uttrykket til trioen plasserer dei i den meir melodiøse delen av hovudstraumen. Trioen utmerkjer seg først og fremst med intrikat og virtuost samspel og ditto solistiske bidrag. Spesielt fascinerande er det å lytta til den framskotne plassen bassen har i lydbiletet både i å presentera temaet som til dømes i «Matrix» og i den gjennomgåande melodiske forma basslinjene får.

Sterk lytteoppleving

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement