Virtuos blanding
Jakop Janssønn får ein uvanleg instrumentkombinasjon og ulike sjangrar til å stå fram som ein heilskap.
Bricoleur er Daniel Herskedal (t.v.), Jakob Janssønn og Håkon Aase.
Pressefoto
Blandingsmusikk
Jakop Janssønn:
Bricoleur
Jakop Janssønn, slagverk; Håkon Aase, fiolin og kantele; Daniel Herskedal, tuba
Finito Bacalao Records
Jakop Janssønn (f. 1986) frå Tromsø er utdanna jazztrommeslagar frå Noregs musikkhøgskule i Oslo. Men som så mange av dagens yngre jazzmusikarar lagar han ein musikk som ikkje utan vidare lèt seg kategorisera i jazzens tradisjonelle stilartar. Janssønn legg heller ikkje skjul på dette, då tittelen Bricoleur tyder ein som skaper noko (til dømes musikk) av det materialet som (meir eller mindre tilfeldig) måtte vera tilgjengeleg.
Stilistisk er dette merkbart gjennom element som kan minna om folkemusikk frå mange stader i verda (inkludert ymis nordisk tradisjonsmusikk), moderne jazz og rock. På nokre stykke medverkar dessutan strykarar frå Arctic Philharmonic, som vitnar om inspirasjon frå klassisk musikk.
Den uvanlege instrumentkombinasjonen slagverk, fiolin og tuba er såleis eit sjølvsagt val når det estetiske idealet er å laga noko storslege og vakkert av uventa og kontrastfylte element.
Mange vil vera skeptiske til ei slik musikalsk tilnærming. Ofte kan resultatet liknast med det som skjer når ein svolten og hemningslaust forsyner seg av alt som er tilgjengeleg på bordet samstundes, og dermed vert overmett.
Men Janssønn går ikkje i den fella. Sjølv om det sprutar av ungdommeleg energi rett som det er, økonomiserer musikarane med verkemidla. Det er nok luft i arrangementa, elementa får tid til å utvikla seg før det dukkar opp nok nytt, og balansen mellom det stillferdige og det kraftfulle er gjennomtenkt. Musikarprestasjonane er dessutan virtuose utan å verta poserande. Dette er ein overraskande velfungerande bricolage.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.