Virtuelle musikkmiljømusikalar
Mange spel tok for seg musikk, musikalitet og musikkmiljø under Steam Game Festival.
Musikal
Steam Game Festival
Valve Corporation
Pandemien har ført til nytenking kring formidling av kunst og kultur. Når det er best å halde seg heime, er det interaktive og multimediale spelmediet ekstra relevant. Mengda speldemoar som tok for seg musikk og musikkoppleving under skyplattforma Steam Game Festival førre helg, var stor.
Medan Ambition: A Minuet In Power utforskar sosialisering og intrigar i det prerevolusjonære Paris, akkompagnert av wienerklassisistisk musikk av komponisten John Robert, kjempar ein i Klang 2 mot romrobotar ved å dirigere ein elektronisk symfoni. Det handlar om rytmisk presisjon, og utvikling av rytmesans og musikalsk oppbygging står òg på agendaen i DJ-simulatoren Hexagroove: Tactical DJ.
To spel kommenterte (kan hende utilsikta) tida vi lever i direkte med si utforsking av smale musikkmiljø gjennom interaktiv musikal. I Beauty and the Beast-pastisjen Of Bird And Cage (med musikk mellom anna av Bumblefoot frå Guns N’ Roses) trer spelaren inn i rolla som ung kvinne med ambisjon om å slå gjennom som symfonisk metalvokalist, men blir halden tilbake av traume, rusproblem og misogyni. I Strobophagia: Rave Horror går ein på skogsrave og blir utsett for skumle, manipulative narkotikaokkultistar og store mengder UV-måling, medan bassen ristar i det virtuelle råhumussjiktet.
Medan det er noko klisjéaktig ved både musikken og framstillinga av rockeklubbar og ravemiljø, skal det bli interessant å følgje med på kva fullversjonane byd på. I røynda er det uansett ikkje realistisk å bruke mykje tid i slike musikkmiljø i den nære framtida (i så fall: hald avstand, bruk maske), men demoane er heldigvis framleis tilgjengelege gratis på Steam.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.