Musikk

Vestland, Vestland

Gabriel Fliflet tek det ned, Kabaret Makaber ristar laust.

Kabaret Makaber byd på herleg, mørk energi.
Kabaret Makaber byd på herleg, mørk energi.
Publisert

Rock

Bergen hadde saktens vore fattigare utan Gabriel Fliflet, denne stabile leverandøren av kreativ galskap, som med god grunn er for ein institusjon å rekne i musikkbyen.

Dei første minna mine om det årelange samarbeidet hans med Ole Hamre – i duoen Fliflet/Hamre Energiforsyning, som dei først kalla seg – fell saman med dei første minna frå Bergen, tidleg på 1990-talet. Også i år «morar dei jula inn» når det verkeleg nærmar seg, for her dreier det seg om musikarar som har skapt tradisjonar rundt sine kunstnarskap.

Markant nedpå

Herleg viltert har det ofte vore, men den nye plata til Fliflet, Sevje, er markant nedpå, beint fram stillferdig til og med. Og kvifor ikkje? Hovudpersonen toler godt å setje seg sjølv i sentrum også med dette materialet, eit knippe fine melodiar han har komponert, til ei utgiving der han syng like så mykje som han spelar trekkspel og piano.

Det er ein fin gjeng han har med seg. Hamre stiller med «hamrofonen» og ein xylofon, og litt ute i tredjesporet «Kor lang og trist er natta her» konstaterer eg også med glede at sjølvaste Arve Henriksen dukkar opp med trompeten sin. Anders Røine er med på langeleik og fele, og heile gjengen syng med. Veteran Kato Ådland er med på fleire instrument og har produsert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement