Versailles' gleder
Ei landleg festscene framstilt på eit fransk veggteppe frå tidleg 1700-tal.
Innan dei nasjonale stilane frå barokken er det vel den franske som er vanskelegast å få skikkeleg til. For medan nivået på «historisk korrekte» framføringar av tysk, engelsk og italiensk barokkmusikk generelt nådde eit høgt nivå alt i byrjinga av 1980-åra, tok det minst eitt tiår til før tolkingane av den franske musikken lét naturleg, altså som verkeleg fransk stil og ikkje som stilimitasjon.
Det var franske ensemble som fyrst lukkast med dette, noko som vel har med den nære likskapen mellom det franske språket og musikken deira å gjera. For fransk barokkmusikk krev, på same måte som jazzen, ein heilt spesiell sving. Denne svingen har Boston Early Music Festival Vocal & Chamber Ensemble, som blir leia av den røynde luttspelaren Paul O’Dette. Det høyrer me på den nye plata Les Plaisirs de Versailles med to stutte operaar som Marc-Antoine Charpentier (1643–1704) komponerte for «Solkongen» Ludvig XIV’ hoff i Versailles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.