Verdfulle tekstar og melodiar

Gode utøvarar har laga nye versjonar av gamle melodiar frå Nordland.

Publisert

Treng me eigentleg fleire juleplater? Same kva ein vil svara på det spørsmålet, er det ingen tvil om at straumen av artistar som legg ut på juleturnear og lagar nye versjonar av velkjende julesongar, ser ut til å vera endelaus.

Det som gjer Kimer I klokker-prosjektet originalt, er at repertoaret berre er basert på folketonar frå Nordland som har vore nytta til kjende julesalmar frå mellomalderhymnen «Et barn er født i Betlehem», via «Christi naaderlige fødsel» av Petter Dass til nynorske salmar av Elias Blix. Nokre av melodiane kjenner me variantar av frå andre stader i landet, men dei fleste vil verka heilt ukjende for dei fleste av oss. Og nettopp det er atter ei påminning om kor mykje god musikk som finst i form av gamle noteoppskrifter og lydbandopptak som ventar på å bli tatt i bruk.

Felespelaren Susanne Lundeng er mest kjend for – på den eine sida – høgenergiske framføringar av nordlandspols, og – på den andre sida – smektande stillferdige folketonar. Men på denne plata er ho først og fremst songar, og syngemåten er enkel og nøktern – noko som styrker tekstformidlinga.

Sjølv om dette handlar om eldre melodiar og tekstar, er arrangement og produksjon i høg grad prega av dei mangfaldige røynslene til dei tre musikarane. Organist Bjørn Andor Drage har i tillegg til sin klassiske bakgrunn drive med improvisasjon og populærmusikk, og Nils-Olav Johansen er ein jazzgitarist som òg har jobba mykje med balkanmusikk, mellom anna som medlem av Farmers Market.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement