Verda ifølgje Bjørn Klakegg

Klakegg ser seg ikkje attende. Han har alltid vore der.

Etter fire album med bandet Needlepoint er Bjørn Klakegg aktuell med nytt band og nytt album.
Etter fire album med bandet Needlepoint er Bjørn Klakegg aktuell med nytt band og nytt album.
Publisert

Etter fire plater med Needlepoint har Bjørn Klakegg skifta medmusikantar og bandnamn, men musikalsk og tekstleg er det meste som det har vore. Han skriv framleis desse vakre og vemodige låtane, og tekstane er poetiske stemningsbilete om alt frå ein spasertur langs elvekanten, samlivsbrot, sykkelen i hagen om hausten og allegorien «Vote for the Dog». Historieforteljaren og poeten Bjørn Klakegg kan til tider minna litt om Paul Simon. Den underliggjande naivismen er eit berande element i uttrykket.

Etter Wirkola

Klakegg har ikkje ei imponerande røyst, og innimellom er det så vidt båten ber, men som mange andre som framfører eigne låtar og tekstar, fungerer det fordi det blir framført med overtyding. Vokalharmoniane er som vanleg velformulerte. Bandet er sett saman av yngre musikarar som har heilt annan bakgrunn enn Klakegg sjølv. Klakegg og Nielsen møttest først som lærar og elev. Sistnemnde rekrutterte Tveten og Ljøkelsøy. Needlepoint kunne skilta med David Wallumrød, Nikolai Hægnsle Eilertsen og Olaf Olsen i bandet. For «ungdommane» i Local Store blei dette som å hoppa etter Wirkola, men dei skal ha ros for å fylla komprolla upåklageleg.

Glitrande gitarspel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement