Musikk

Vennlege viser

Visene til Gro Kjelleberg Solli bør nå utover folkemusikkmiljøet.

Publisert

Viser

Det musikalske utgangspunktet for den første soloplata til Gro Kjelleberg Solli er folkemusikk frå Nordmøre, og her er det blitt plass til både barnesullar og salmemelodiar derifrå. Men i tillegg er her mykje musikk henta frå Østerdalen, der ho no er busett. Og – ikkje minst – får me høyra nyare viser, mellom andre tittelsporet der Solli har laga både tekst og melodi.

Gjennomsiktig

Arrangementa er nakne og gjennomsiktige, frå heilt solistisk framførte songar, via enkelt akkompagnement på lyre, til meir rytmisk drivande songar, der gitar og trøorgel fungerer som motor. Men heile tida er spelet prega av disiplin, underordna formidling av tekst og melodi. Syngemåten er heile tida prega av klårleik. Diksjonen er tydeleg, stemma er mjuk og nær og fører lydaren inn i tematikkar frå kristendom, via kvardagsvisdom, til barneleik. Det samansette barnekoret som medverkar på eit spor, lyfter produksjonen, og me skulle gjerne høyrt meir frå den kanten.

Tilgjengeleg

Sjølv om folkemusikken utgjer ein kjerne i prosjektet, er det mykje som gjer at dette bør vera tilgjengeleg utover folkemusikkmiljøet. Tonaliteten her er stort sett temperert, harmonikken er relativt konvensjonell og instrumenteringa er aldri så kompleks at musikken kan oppfattast som vanskeleg tilgjengeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement