Velsmakande musikalsk betasuppe
Skurkar dyrkar kontrastane i energisk debut.
Skurkane er Amalie Dahl, Emma Lönnestål, Oda Steinkopf og Jenny Frøysa.
Foto: Øra Fonogram
Om det er skurkaktig å ha ei tilnærming til musikken og musiseringa som er full av faen, ber den kvinnelege kvartetten namnet med rette. Dette er eit skandinavisk lag, der Dahl kjem frå Danmark, Lönnestål frå Sverige og Frøysa og Steinkopf frå Noreg. Dei er på andre året jazzlinjestudentar ved NTNU. Fartstida som band er med andre ord ikkje så lang. Det er likevel noko som seier meg at me vil få høyra mykje meir frå denne muntre gjengen.
Humor pregar både bandnamn og låttitlar. Besetninga utan akkordinstrument tyder på ein viss påverknad frå Ornette Coleman, men langt tydlegare er inspirasjonen frå nederlandske ICP og alle avleggjarane frå den skulen. Dei fire jentene lagar musikalsk betasuppe der ingen ingrediensar er bannlyste. Musikken er laga av bandmedlemmene Dahl, Frøysa og Lönnestål. Opningslåten «Klip i kortet» har dei laga på fellesen. Musikken er prega av kontrastar i ulike variantar. Motsetnaden dei oftast spelar på, er kaos og orden, men også temposkifte, grotesk/vakkert og sterkt/svakt. Oftast er motsetnadene overtydelege eller karikerte. Improvisasjonen går ikkje i lange drag og er ofte kollektiv. Arrangement med svært tøyelege rammer om ein vil. Tittelkuttet «Skjulte motiver» har ein passiar mellom dei to saksofonane som er eit framifrå døme på det stramt improviserte eller laust arrangerte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.