Vellukka vri

Freiburger Barockorchester piffar opp Corellis Concerti grossi med oboar og trompetar.

Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).
Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).
Publisert

Me høyrer det alt i dei fyrste taktane på albumet, i «Grave»-satsen som opnar Arcangelo Corellis Sinfonia Santa Beatrice d’Este: Freiburger Barockorchesters typiske vibratolause strykarklang, med kraftig bass og barokklutten som liksom forsyner dei tette akkordane med perlande kolsyrebobler. Lutten, som her blir spelt av norske Thomas Boysen, gjev liv til dei litt statiske strykarklangane som er så typiske ved Corellis langsame orkestersatsar.

Klassikar

Corelli, som blei fødd i nærleiken av Ravenna i Nord-Italia i 1653, men budde mesteparten av livet i Roma, rakk å bli ein klassikar medan han levde. Livsverket hans er spesielt på fleire måtar, og vel regissert: Han skreiv berre instrumentalmusikk, noko som er uvanleg for barokkomponistar, og han publiserte berre seks opus, kvart av desse med tolv einskildstykke.

Dei tre besetningsformene han nytta, skulle alt i samtida bli kanoniserte som det reinaste av italiensk instrumentalmusikk for strykarar: Opus 1 til 4 er triosonatar for to fiolinar og basso continuo (ei besifra bassline), som er den mest lærde av formene hans. Opus 5, som er datert til 1. januar 1700, er den typen virtuose solosonatar for fiolin og basso continuo som både G.F. Händel og J.S. Bach seinare imiterte. Og opus 6 er såkalla concerti grossi, store orkesterverk, der ein trio av to fiolinar og cello strir mot resten av orkesteret – Bach nytta denne forma mellom anna i «Brandenburgkonsertane» sine.

Meir naturleg

Det er stykke frå sistnemnde opus Freiburger Barockorchester spelar på CD-en sin. Sjølv om tolkinga er god, somme stader jamvel superb, kan ein spørja seg: Kva er vitsen? Det finst då alt eit tital gode innspelingar av Corellis concerti grossi på marknaden? (For å nemna to av dei beste: den til Les Arts Florissants frå 1995 og Il Giardino Armonico frå 2008.) Det avgjerande her er besetninga. For medan Corelli berre skreiv for strykarar, har Freiburger Barockorchester lagt til blåseinstrument som oboar og trompetar. Og dette er ikkje gjort på slump, men tilpassa tonearten og den musikalske grunnsubstansen i satsane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement