Velbalansert visekunst
Albumet har ein utsøkt balanse mellom tekst og musikk.
Jørn Simen Øverli, Siril Malmedal Hauge og Espen Leite spelar og syng saman.
Foto: Kirkelig Kulturverksted
VISER
JØRN SIMEN ØVERLI TRIO:
Vidunderlig. Perler fra europeisk sangpoesi
Jørn Simen Øverli: song/gitar; Siril Malmedal Hauge: song/mandolin; Espen Leite: akkordeon
Kirkelig kulturverksted
Mange av våre fremste visesongarar framfører stort sett viser dei har laga sjølve. Slik er det ikkje med Jan Simen Øverli (f. 1950). Han har brukt det meste av tida si på å formidla andre sin songpoesi, ofte for første gong på norsk. I tillegg til å omsetja og framføra viser har Øverli dessutan vore eit hardtarbeidande organisasjonsmenneske, noko som mellom anna resulterte i at Josefine visescene vart etablert i Oslo i 1995.
Dette er den trettande plata til Øverli, også denne utgjeven i samarbeid med produsent Erik Hillestad på Kirkelig kulturverksted. Og det er atter ein gong tekstar frå «europeisk sangpoetisk kanon» som vert presenterte: av Bertolt Brecht frå Tyskland, Vladimir S. Vysotskij frå Russland og Jacques Brel frå Belgia – alt omsett av Øverlid.
Balanse
Det som karakteriserer framføringane på denne plata, er ein utsøkt balanse mellom tekstlege og musikalske element. Det er mykje luft mellom tekstfrasane, instrumenteringa er sparsam og songstilen balanserer perfekt mellom det uttrykksfulle og det edruelege.
Dei to solistane vekslar gjerne mellom å syngja annakvar linje i teksten, av og til syng dei unisont eller i parallelle tersar. Nokre stader vert den vokale klangpaletten utvida ved hjelp av gjestevokalistane Ruth Wilhelmine Meyer og Tora Augestad.
Heilskap
Også instrumentalt er det mykje å gle seg over: Øverli er utdanna klassisk gitarist (han har jamvel studert med avantgardisten Bjørn Fongaard!), og sjølv om spelet heile tida er underordna tekstformidlinga, er det ein harmonisk kompleksitet og eit teknisk overskot som imponerer. Og Espen Leites elegante melodilinjer på akkordeon smyg seg inn og ut mellom tekstfrasane på ein svært effektiv måte.
Det er ein heilskap over musikalsk framføring, tekstformidling og produksjon som gjer at desse klassiske visene framleis vedkjem oss.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.