Vel i hamn
Schütz-serien til Dresdner Kammerchor endar suverent.
Grunnleggjaren av den barokke kyrkjemusikken i Tyskland: Heinrich Schütz (1585–1672).
CD
Heinrich Schütz:
Psalmen und Friedensmusiken
Dresdner Kammerchor; dirigent Hans-Christoph Rademann. LAWO 2019
Dresdner Kammerchor er i mål med mammutprosjektet dei tok fatt på i 2009, nemleg å spela inn heile produksjonen til den tyske komponisten Heinrich Schütz. Volum 20 inneheld det tyskarane kallar «Friedensmusiken», verk spesialskrivne for fredsslutningar. Det er altså tale om politisk musikk tinga av verdslege herskarar, men ofte med bibelske tekstar, som igjen kunne tydast inn i ein samtidig kontekst.
Når det gjeld kvaliteten på framføringa, skil ikkje denne siste dobbelt-CD-en seg frå dei føregåande. Stilistisk sett er framføringa suveren: Dresdner Kammerchor og instrumentalistane deira musiserer etter framføringsideala som galdt i tidlegbarokken, med retorisk-ekspressiv deklamasjon og instrument som er kopiar av dei Schütz i si tid sjølv hadde til rådvelde.
Schütz og Bach
Schütz kom til verda i 1585 i Bad Köstritz, ein liten kurstad i Thüringen midt i Tyskland. Huset han vaks opp i, der faren skjenkte ut øl, er i dag museum. Men den største attraksjonen er nok Köstritzer Schwarzbierbrauerei, det verdskjende svartølbryggeriet som går attende til 1500-talet og mellom anna laga diktaren Goethes favorittøl.
For kjennarar av tysk kyrkjemusikk ringer det kan hende ei bjølle når dei høyrer fødselsåret 1585. Det er nøyaktig 100 år før J.S. Bach kom til verda. Og medan Schütz går for å vera grunnleggjaren av den tyske, protestantiske kyrkjemusikken i barokken, blir Bach rekna som den som fullenda stilen i epoken. Men sjølv om Schütz’ livsverk tuftar på protestantisme og sakralmusikk, byrja han musikalsk sett «katolsk» og sette seinare ein «verdsleg» milestein i musikksoga. Utdanninga si fekk han nemleg ved den katolske Markuskyrkja i Venezia under kapellmeistrane Giovanni Gabrieli og Claudio Monteverdi, og med den no tapte Dafne frå 1627 laga han den fyrste tyske operaen i historia.
Himmelsk englekor
Schütz hadde mange arbeidsgjevarar, mellom anna kong Christian IV av Danmark-Noreg – i fleire år var han overkapellmeister i København. Men det var ved det saksiske hoffet i Dresden han hadde sitt lengste engasjement, og det er fyrst og fremst repertoar herifrå Dresdner Kammerchor framfører på albumet. Måten han overførte barokktidas italienske nyvinningar i musikken til Tyskland på – læraren Monteverdi var den fyrste store barokkomponisten – er tydeleg å høyra på fleire av spora.
Det beste dømet er kan henda den lange «musikalske dialogen» frå Lukasevangeliet, Vater Abraham, erbarme dich mein («Far Abraham, ha miskunn med meg»), komponert i Dresden i 1620-åra. Sjølv om teksten er frå Luthers tyske bibelomsetjing, kling stykket som ein liten opera der songen somme stader blir deklamert meir enn sungen, og to fiolinar og blokkfløyter illustrerer handlinga musikalsk. Koret – eit englekor – har òg same funksjon som i opera (ein funksjon som i sin tur går attende til den greske tragedien), for det kommenterer handlinga utanfrå. Og englekoret læt verkeleg himmelsk – sopranane i Dresdner Kammerchor syng med ein lette og glans som vanskeleg kan gjerast vakrare.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.