Vekslande vêrmusikk

Nonlocal Forecast er eit bandnamn med enorm relevans.

Publisert

Den Chicago-baserte gitaristen og produsenten Angel Marcloid er ein nonbinær transperson som lagar musikk med element frå, men som ikkje passar inn i, tradisjonelle sjangerkategoriar. Ho arbeider under mange forskjellige alias: I Fire-Toolz, til dømes, er harde rytmiske støytar og screamo-vokal sidestilt med mjuke muzak-klisjear ein kunne vente å høyre i telefonkø eller på spa; i Mindspring Memories driv ho reinspikka utforsking av lettfordøyeleg bakgrunnsmusikk. Nonlocal Forecast ligg ein stad imellom.

Holographic Universe(s?)!, andreplata under sistnemnde fane, er heilt fri for skrik og støy. Musikken her er intrikat og mangefasettert, men mjuk og venleg. Marcloid låner sjølvsikkert gitarspel – både elektrisk og akustisk – og store, skiftande songstrukturar frå klassisk progrock à la Yes, og instrumenteringa og lydbiletet kunne passa like godt på ein 80-tals new age-kassett som ei 90-tals fusionjazzplate. Den detaljerte trommeprogrammeringa læt rett som det er til forveksling lik dei mest teknisk virtuose trommeslagarane i fusionsjangeren, og det oppstemde synthesizerarbeidet minner ofte om keyboardisten Joe Zawinul frå Weather Report.

Medan vi talar om vêr, så er musikken òg inspirert av dei silkemjuke jazzvignettane til TV-kanalen The Weather Channel, og det er dette namnet Nonlocal Forecast viser til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement