Vekslande vêrmusikk
Nonlocal Forecast er eit bandnamn med enorm relevans.
Elektronisk
musikk
Nonlocal Forecast:
Holographic Universe(s?)!
Hausu Mountain Records
Den Chicago-baserte gitaristen og produsenten Angel Marcloid er ein nonbinær transperson som lagar musikk med element frå, men som ikkje passar inn i, tradisjonelle sjangerkategoriar. Ho arbeider under mange forskjellige alias: I Fire-Toolz, til dømes, er harde rytmiske støytar og screamo-vokal sidestilt med mjuke muzak-klisjear ein kunne vente å høyre i telefonkø eller på spa; i Mindspring Memories driv ho reinspikka utforsking av lettfordøyeleg bakgrunnsmusikk. Nonlocal Forecast ligg ein stad imellom.
Holographic Universe(s?)!, andreplata under sistnemnde fane, er heilt fri for skrik og støy. Musikken her er intrikat og mangefasettert, men mjuk og venleg. Marcloid låner sjølvsikkert gitarspel – både elektrisk og akustisk – og store, skiftande songstrukturar frå klassisk progrock à la Yes, og instrumenteringa og lydbiletet kunne passa like godt på ein 80-tals new age-kassett som ei 90-tals fusionjazzplate. Den detaljerte trommeprogrammeringa læt rett som det er til forveksling lik dei mest teknisk virtuose trommeslagarane i fusionsjangeren, og det oppstemde synthesizerarbeidet minner ofte om keyboardisten Joe Zawinul frå Weather Report.
Medan vi talar om vêr, så er musikken òg inspirert av dei silkemjuke jazzvignettane til TV-kanalen The Weather Channel, og det er dette namnet Nonlocal Forecast viser til.
Dei rare vêrfenomena verda har sett i nyare tid, endrar korleis vi tenkjer på meteorologi og vêrmelding – både lokalt og globalt. Vi plukka mogne bringebær i hagen i Molde ved vintersolverv, og medan vêret i minkande grad er eigna til lett småprat, kommenterer Nonlocal Forecast dette dunkle temaet gjennom behageleg musikk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikk-meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.