Vegen heim
Ry Cooder har gitt ut si første studioplate på seks år.
Ry Cooder kjem ikkje berre med nytt album i vår. Han legg òg ut på turné og kjem til Notodden Bluesfestival i august.
Pressefoto
«Everybody Ought to Treat a Stranger Right», heiter det i Blind Willie Johnsons song med same tittel, i eit opptak frå 1930. Og no løftar Ry Cooder fram låten nok ein gong, på det nye albumet The Prodigal Son: Er det mogleg å tenkje seg ein betre formulert etikk for vår tid?
Det dreier seg om ein framand «long ways from home», i orda åt Johnson. Eg høyrde først songen i Knut Reiersruds framifrå tolking på klassiske Tramp (1993) – ei utgiving som feirar 25-årsjubileum i år – kva tid kjem festen?
Identitet
Når eg lyttar til songen no, i versjonen på The Prodigal Son, tenkjer eg på den palestinske litteraturforskaren Edward Saids tankar om det å skulle leve i eksil, om det å finne fram til ein eigen identitet i kløfta mellom det som var ein heim, og det som ein etter beste evne må prøve å få til å verte ein.
Då Ry Cooder gav ut den førre studioplata si, den beint fram aktivistiske Election Special, for seks år sidan, var han sint, og hadde lite tid til tompreik og skvalder, men han mobiliserte mot ei politisk kraft som i dag styrer USA.
Sjølv om The Prodigal Son berre inneheld tre nyskrivne songar, og heile åtte tolkingar av låtar av folk som The Stanley Brothers og Blind Roosevelt Graves, har 71-åringen likevel mykje å melde. Det er berre det at fleire andre har formulert det så treffande før. Om Blind Willie Johnson har sagt det så godt, kvifor prøve å seie det betre?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.