Vassviks oppdaterte animisme
Torgeir Vassvik held fram med det musikalske utforskingsprosjektet sitt.
Foto: Christian Roth Christensen / Wikipedia
Samtidsmusikk
Vassvik:
Gákti
Torgeir Vassvik: joik, gitar, rammetromme m.m.; Hans P. Kjorstad: fiolin; Rasmus Kjorstad: oktavfele; Audun Strype: lyddesign Heilo/Grappa
Med den første plata Sáivu frå 2006 representerte Torgeir Vassvik noko nytt innan samisk basert musikk. I tillegg til element frå joik har han nytta musikalske element frå andre urfolk, særleg sibirsk strupesong, og ofte samarbeidd med framståande musikarar innan moderne jazz, som Arve Henriksen, Anders Jormin og Jan Martin Smørdal. På andreplata Sápmi (2015) medverka dessutan samtidsmusikarane Ole Henrik Moe og Kari Rønnekleiv på fiolin.
Også på den nye plata har han knytt til seg to av dei mest særprega felespelarane me har for tida: brørne Hans og Rasmus Kjorstad. Dei har bakgrunn frå folkemusikken i Gudbrandsdalen, men er dessutan framifrå improvisatorar som ikkje er redde for å bruka instrumenta i meir eksperimentell lei.
Utforsking
Slik sett er den nye plata eit framhald av dette langvarige utforskingsprosjektet der Vassvik verken pretenderer å framføra «autentisk» joik eller meir konform og føreseieleg verdsmusikk. Sjølv seier han at han ynskjer å «oppdatere den animistiske tradisjonen», der alle tings samanheng er ein grunntanke. Dette kan ein sjå som eit verdsbilete eller livssyn, men den musikalske konsekvensen – i tilfellet Vassvik – er at desse svært ulike elementa, frå urfolksmusikk via moderne jazz til samtidsmusikk, smeltar saman på eit overtydande vis.
Bjeffing
Den intense vokalen står heile tida i fokus, men det er òg plass til lange, suggererande bluesaktige riff på ein skranglete akustisk gitar, og feleklangen smyg seg inn og ut av den rytmisk suggererande grunnpulsen. I tillegg førekjem elektroniske klangar, hundebjeffing og ei rekke folkeinstrument frå ulike stader i verda. Noko av det som hindrar at dette vert ein overflatisk stilistisk lapskaus, er at ein rett som det er lurer på kvar lydane frå kjem frå. Om ikkje anna: Dei kjem frå Vassviks heilt særeigne musikalske univers.
Det lyt òg nemnast at ein av våre aller fremste lydteknikarar, Audun Strype, er rekna som eit fullverdig medlem av bandet. Dette er meir enn ein høfleg gest mot ei gruppe kunstnarar/handverkarar som ofte kjem i skuggen av dei som poserer på scenen; det er å ta lyden på alvor – i vidaste tyding.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.