Varsam Vivaldi
Elisa Citterio får fiolinen til å klinga vedunderleg vektlaust.

Interesserer du deg for tidlegmusikk, har du nok vore borti innspelingane til Tafelmusik Baroque Orchestra. Sidan starten i 1979 har dette kanadiske ensemblet med base i Toronto nemleg gjeve ut over 80 plater med komponistar frå tidlegbarokken til romantikken – alt framført på kopiar av instrument frå dei aktuelle epokane.
Sjølv har eg høyrt Tafelmusik live på festivalar fleire gonger, men det var før den noverande kunstnarlege leiaren, italienske Elisa Citterio på fiolin, tok over. Den nye plata Vivaldi Con Amore gjev oss rikeleg høve til å høyra henne som orkesterleiar og solist i Antonio Vivaldis vridne og virtuose fiolinkonsertar.
Ikkje berre fiolin
Venetianaren Vivaldi var ikkje berre si tids fremste fiolinkonsertkomponist, med over 250 verk i sjangeren. Han var òg ein av dei leiande fiolinvirtuosane, og når han skreiv for instrumentet sitt, sparte han ikkje på krutet. Som den engelske musikkhistorikaren Charles Burney skreiv i A General History of Music i 1789: «If acute and rapid tones are evils, Vivaldi has much of the sin to answer for.»
Sjølv om fiolinen dominerer på plata, får me òg konsertar for dei mindre vanlege soloinstrumenta fagott (spelt med fleksible frasar av Dominic Teresi) og lutt (spelt litt for stivt for min smak av Lucas Harris). Når det gjeld forma, er alle konsertane like: Dei er tredelte, med to snøgge yttersatsar og éin roleg sats i midten. Denne uttrykkskontrasten gjev solisten høve til å syna både utettervend eldhug og intimitet.
Svevande
Fiolinsolisten Citterio meistrar begge uttrykka, sjølv om ho som regel lèt det elegante og måtehaldne dominera, jamvel i dei snøgge satsane. Her er altså lite av den røffe Vivaldi-spelestilen som blir kultivert av somme italienske barokkensemble. (Det mest ekstreme dømet er vel solistane til Il Giardino Armonico.)
Eit stykke der Citterios kvalitetar kjem fint til sin rett, er Fiolinkonsert i E-dur, RV 271. Vivaldi gav verket tilnamnet «L’amoroso»; det var dette som inspirerte Tafelmusik til albumnamnet. I den langsame satsen «Cantabile», som tyder «syngjande» på italiensk, presenterer Citterio fyrst melodien i si opphavlege form, ukunstla og melankolsk. I akkompagnementet har Vivaldi her utelate bassinstrumenta; sidan der berre er lyse strykarar, læt musikken svevande og vektlaus. Utetter i satsen får Citterio så melodien til å svulma, med stadig større ornament som ho improviserer over Vivaldis enkle melodi. Alt dette greier ho likevel å framføra innan éin og same hovudkarakter, noko som skaper ein uttrykkseinskap få barokkfiolinistar evnar å få til like godt.