Variert og heilstøypt

Helge Lien Trio jubilerer med dobbel-CD.

Publisert

Det har gått 18 år og ni plater sidan Helge Lien debuterte med trioen sin på Curling Legs med It Might as well Be Spring. Jubileet feirar han med dobbel-CD og ny bassist, og alt materialet er ført i pennen av Lien sjølv. Slik har det ikkje alltid vore. Det var først med den kritikarroste Hello Troll han berre serverte sjølvskrive stoff.

Variert

10 har Lien fått plass til heile 20 låtar, og det er fint å kunna slå fast at det ikkje er éin låt for mykje. Utvalet er variert. Trioen serverer frå det melodiøse og lyrisk innyndande i «Popkoral» til den frie, rubato «Loose Goore» – som gjev sterkare assosiasjonar til hardingfelestillet gorrlaus enn ei laus-i-snippen-utgåve av ein viss visepresident – og rett over i Jarrett-inspirerte «Krystall». Slik kunne ein halda fram nettopp for å understreka den fabelaktige variasjonen.

«Berlin Blues»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement