Variasjonar i Troldsalen

Mahan Esfahani frå Teheran likar å skilja seg ut. Det merka me frå fyrste frase av det enkle, elegante temaet («Aria») som dannar grunnlaget for Johann Sebastian Bachs (1685–1750) 30 Goldbergvariasjonar, BWV 988 (1741): I Troldsalen 31. mai utelét han ornamenta som Bach har prydd det musikalske temaet med, slik at berre sjølve grunnstammen i melodien stod att. Som eksperiment er det artig, for ornament er jo i grunnen noko som kjem utanpå ein struktur; slik sett er dei ein variasjon i seg sjølv. Men fungerte det musikalsk?

Ikkje for meg. Eg ser på ornamenta i barokkmusikken som ein integrert del av verket – dei er like strukturberande som «hovudtonane», og tek ein dei bort, ribbar ein melodien for fjør. Ein står då att med ein slags musikalsk telegramstil som læt endå dårlegare på cembalo enn på moderne klaver.

Men bortsett frå den underlege opninga var tolkinga til Esfahani framifrå. Den fyrste variasjonen var som ein ubunden foss av metallisk klang. Den sjuande variasjonen, som er ein engelsk «gigue»-dans, hadde ein herleg vrikkande karakter. Og i den femtande variasjonen, ein staseleg fransk ouverture, fekk Esfahani fram orkestrale kvalitetar i cembaloen, sjølv om pulsen i framføringa kunne vore jamnare.

Teknisk imponerte han òg. For det å halda seg konsentrert i eit slikt mest halvannan time langt verk med så omskiftelege uttrykk er ein kraftprestasjon.