Variasjon i konstant tempo

I Dillons elektroniske musikk er lydbiletet uvant ryddig.

Publisert

Musikken til den britiske musikaren og biletkunstnaren Beatrice Dillon er inspirert av mellom anna afrikansk rytmikk, karibisk dub og ymse variantar av elektronisk musikk, og heile debutalbumet hennar går i eit tempo på 150 slag i minuttet. Likevel læt det på ingen måte einspora.

Det er det metriske som står i sentrum her: Medan Dillon har med seg Kuljit Bhamra på dei tradisjonelle indiske trommene som heiter tabla, blir bidraga til andre gjestemusikarar i omtrent like stor grad handsama primært som perkusjon. Nokre døme er Lucy Railtons eksperimentelle cellospel, Jonny Lams (kjend frå Pharoah Sanders Band) steelgitararbeid og Griot Kadialy Kouyatés koraklimpring (kora er eit vestafrikansk bass-strenginstrument).

Melodi og harmoni spelar ei underordna rolle, og desse bidraga vert heller brukte som rytmisk krydder og gir kreativ klangfarge til ein alt rytmisk kompleks elektronisk miks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement