Valborgsnatta
Kammerchor Stuttgart dreg til Bloksberg.
Utsnitt av måleriet «Valborgsnatta» av Luis Ricardo Falero (1851–1896).
CD
Felix Mendelssohn Bartholdy:
Die erste Walpurgisnacht; Oedipus in Kolonos
Kammerchor Stuttgart; Deutsche Kammerphilharmonie Bremen; Klassische Philharmonie Stuttgart; dir.: Frieder Bernius.
Carus 2020
Det er schwung over Kammerchor Stuttgarts nye Mendelssohn-innspeling, der to orkester er med: Deutsche Kammerphilharmonie Bremen spelar den verdslege kantaten Die erste Walpurgisnacht, op. 60 (1833), medan Klassische Philharmonie Stuttgart medverkar i den mindre kjende skodespelmusikken Oedipus in Kolonos, op. 93 (1845). Lat oss byrja med det sistnemnde verket.
Kviskrande kor
I 1841 gjorde Fredrik Vilhelm IV av Preussen Felix Mendelssohn Bartholdy til kapellmeister og prøyssisk generalmusikkdirektør. Kongen hadde hatt si obligatoriske danningsferd i Italia og sverma for den gresk-romerske antikken og renessansen i Italia, noko dei mange byggverka hans som framleis står i Tyskland, vitnar om. Òg på scena ville han gjenoppliva det klassiske, difor gav han Mendelssohn i oppdrag å setja musikk til Sofokles’ tragedie om segnkongen Oidipus av Theben, han som drap far sin og ekta mor si.
Universalgeniet Mendelssohn var sjølv habil klassiskfilolog. Tilfeldigvis var det nett gjeve ut ei ny, metrisk korrekt attdikting av gymnasrektoren J.J.C. Donner i Stuttgart – denne versjonen av tragedien brukar tyskarane framleis. Komponisten fekk slik høve til å arbeida med ein mest mogleg autentisk tekst. Svært moderne var derimot den sofistikerte tonesetjinga for to mannskor og orkester. Spesielt vellukka tykkjer eg det siste nummeret er, «Wer ein längeres Lebensteil wünscht», som byrjar med kviskrande mannskorrøyster og vedunderleg lette pizzicatoar i strykarane (strengene blir plukka på med fingrane).
Heksesabbat
Dramatikk av den ekspressive sorten opplever me i kantaten Die erste Walpurgisnacht («Den fyrste valborgsnatta»). Til grunn ligg balladen med same namn av J.W. von Goethe, med handling frå tidleg mellomalder: Me er i Harz-området midt i Tyskland, på fjellet Brocken, det me kjenner som Bloksberg, der det gamle heidenske samfunnet er truga av kristendomen. Natt til 1. mai kler druidane seg difor ut som sataniske figurar og skremmer vitet av dei kristne. For heidningane er det heile skodespel – det er jo berre dei kristna som trur på Satan.
Den rasande ouverturen «Das schlechte Wetter» syner Mendelssohn på sitt beste, heilt på høgd med ouverturen til Ein midtsommarnattsdraum. Imponerande er òg Kammerchor Stuttgarts sylskarpe artikulasjon og Deutsche Kammerphilharmonie Bremens kvervlande dynamikk i djevledansen «Kommt mit Zacken und mit Gabeln», som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.