Musikk

Vakker tankevekkjar

Tangerine Reef byd på flytande lydbilete og kunstig naturdokumentar i mellomsanseleg harmoni.

Publisert

Det amerikanske bandet Animal Collective er ikkje så lett å setje i bås. Dei har halde det gåande sidan 2003, og mykje av musikken på dei til no elleve studioalbuma deira kan kallast eksperimentell pop. Rett som det er, kan ein kjenne att element som slektar på band som Beach Boys (om enn helst frå dei meir eksperimenterande fasane deira), Silver Apples og krautrock à la Can – og på førre album, Painting With, hadde dei med seg John Cale frå Velvet Underground. Dei leikar seg likeins frimodig med konvensjonar og ikkje-konvensjonar og lagar låtar med fri instrumentering og struktur som dessutan ofte er svært fengjande.

No har dei saman med kunst- og vitskapsduoen Coral Morphologic laga det audiovisuelle symbiosealbumet Tangerine Reef. Musikken lener definitivt mot den eksperimentelle sida og er meir abstrakt enn mykje av det vi tidlegare har høyrt frå Animal Collective. Her legg dei mindre vekt på melodiar som er lette å syngje og rytmar som er lette å danse til, enn på flytande lydbilete som rører seg i sanseleg harmoni med det som hender på skjermen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement